torsdag 11. august 2011

Briksdalsbreen brotnar

I går kunne vi lese i både lokalaviser og riksaviser at Briksdalbreen har brotna i to. Den nedste delen av breen har lausrive seg frå hovedarmen. Dette er eit scenario som har blitt skildra fleire gonger dei siste åra som noko som kunne hende. Og no har det altså blitt slik. Konsekvensen kan bli at den nedste delen vil smelte heilt og forsvinne. breen vil framleis vere eit flott syn, men det vil ikkje være det same. Noko av det som har vore spesielt med breen er at han har vore så nær at ein tidvis kunne berøre han.

Eg var ved breen første gang på byrjinga av 80-talet. Då var breen større, men ikkje veldig mykje. Så gjekk det ein del år der eg ikkje var opp til breen. Då eg var der igjen i 97 eller 98, hadde breen vokse enormt og vi kunne gå heilt inn til breen, ja jamvel under han og ta spektakulære bilete. På den tida var også brevandring eit populært tilbod ved breen, samt den eksotiske hesteskyssen opp til breen.

Etter at breen minka, vart det umogleg å ha brevandring der for nokre år sidan. Etter ei ulykke med hestskyssen, var hestane erstatta med John Deere-transport. Og no kan altså store deler av breen forsvinne. Det er ikkje mogleg å dra konklusjonar om at smeltinga skuldast global oppvarming. Breen har vokse og minka i periodar også tidlagare. Det er likevel trist at den vakre breen er redusert til så lite. Kanskje vil vi oppleve det same som i nabobreen i Kjenndalen, at breen blir nærmast heilt borte. La oss ikkje håpe det skjer.

Biletet er teke i sommar, og vi ser at breen er smal på midten. No heng han altså ikkje i hop lenger.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar