lørdag 20. august 2011

Nytt eller gamalt?

Då eg bestemte meg for å flytte heim, hadde eg også bestemt for å byggje eit hus til. Å bu i lag med foreldra sine er fint når ein er barn, men fjernt når ein er vaksne. Plassmessig og økonomisk hadde det sikkert vore greit, men or meg var det aldri aktuelt. Eit nytt hus måtte til.

Det som aldri slo meg var at eg kunne bygge nytt til meg sjøl og la foreldrene mine bu der dei hadde budd. Det var heile tida meininga at dei skulle få nytt hus, så skulle eg bu i det gamle. Men det er stadig folk som er overraska når eg seier at det er dei som bur i det nye og eg i det gamle. Hadde ikkje det vore betre å bu i det nye sjøl? Du kan jo sjå på bileta og tenkje sjølv på kva for eit hus du ville budd i.

For meg var det faktisk noko av det som trekte meg heim. Å ta eit gamalt hus og gjere om på det slik som eg vil ha det. Og det er ikkje gjort over natta, det blir vel meir eit livsprosjekt. Og det er slik eg vil ha det, sjølv om det ser ut som ein byggeplass og kjem til å gjere det ei god stund til. Akkurat no er det kjøkenet som skal bli nytt. Så er det stova. Håpar å vere ferdig med i alle fall dei to romma før jul. Så får vi sjå vidare..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar