søndag 11. september 2011

Stova

Det andre rommet eg prøvar å bli ferdig med i haust, er stova. I helga har eg rive ned både kryssfinerplater og sponplater, og voila: Tømmerveggane kom til syne. Satsar på å vise fram disse, men må nok måle dei i ein lysare farge. I tillegg tenkjer eg å skifte ut alle vindauga. På syttitalet var det mote å ha vindauga så store som mogleg, men spesielt fint var det ikkje. Eg satsar derfor på å erstatte det store vindauget med to mindre, slik som det var originalt i stova. Ellers så trur eg ikkje eg skal gjere så mykje meir her, berre legge nytt parkettgolv og lister. Å skifte vindauga må eg nok ha hjelp til, men resten håpar eg å klare sjølv. God veke!

torsdag 8. september 2011

Kjøkenet

Ein lang prosess med oppussing er i gong. Ser vel for meg at det kjem til å ta ein del år før det meste er slik som eg vil ha det i det gamle huset. Huset vart bygd for over hundre år sidan, var påbygd i 1973, men har ikkje vore gjort så mykje med sidan åttitalet, då det var skifta ein del tapet, panel og vindauge. No er eg altså i gang. Og som dei fleste andre, eg begynner med kjøkenet.

På biletet kan du sjå korleis det ser ut eit stykke ut i oppussinga. Heilt bak til høgre var det ei dør inn til spiskammeret. Det måtte dei ha i gamle dager, men er vel strengt tatt ikkje naudsynt lenger. Så eg stengte døra igjen og plasserer skap og skuffer der i staden. Heilt til venstre var dei også ei dør eg har stengt igjen, frå kjøkenet til gangen. Der har eg no plassert eit høgskap med micro og steikeomn. I forgrunnen ser du restar av den gamle tømmerveggen. Deler av denne blei fjerna tidlegare, no kjem eg til å fjerne heile veggen, slik at det blir ope mot stova. Heilt til høgre er det eit vindauge som eg tenkjer å byte ut i eit litt mindre.

Onsdag gjorde elektrikaren seg ferdig, så det som gjenstår no er å fjerne resten av tømmerveggen, pusse brannmuren, legge veggplater, legge takplater og parkett. Blir nok ikkje ferdig heilt endå :)