lørdag 1. oktober 2011

Kor viktig er det eigentleg?

Når eg no har flytta tilbake til Hornindal og begynt å jobbe på skulen der, legg ein jo raskt merke til at nokre ting skiller seg ut frå der eg jobba før. Og kanskje er det som det skal vere. Då eg jobba på Vear, var det på ein skule som låg nær byen Tønsberg, ein by som husar det meste av det ein større by i Noreg inneheld. Hornindal er ei bygd der jordbruket framleis står sterkt, og der ein møbelfabrikk er hjørnesteinsbedrifta. Og når plassane er så ulike, er det vel kanskje naturleg at skulane er det og?


I går var vi på fjelltur med mesteparten av elevane, over det som kallast Kviven, frå Sunnmøre tilbake til Honndalen. Det var ein ganske lang tur, med flott utsikt og flott natur. Det var også den tredje fjellturen klassen vår har hatt i år. På Vear hadde vi knapt ein einaste fjelltur dei åra eg jobba der. Skilnaden i prioriteringar vart tydeleg for meg denne veka. Inspektøren forkynte for oss tidleg i veka at vi måtte halde av fredagen til fjelltur, for då var det meldt godver. Då eg fortalte at eg hadde planlagt nasjonale prøver den dagen, fekk eg beskjed om at det måtte eg flytte på. Det var eigentlig ikkje så farleg kor vi gjekk hen heller, berre vi kom oss av garde. Og sikkerheit var vel heller ikkje i høgsetet, eg tenkjer med gru på kva som hadde hendt om nokon av elevene hadde skada seg skikkeleg på dei glatte svedjene vi bevegde oss over. Så lenge det gjekk bra, er det få som klagar.

Ein av bussjåførane som køyrde oss til startpunktet for turen sa at "elevane lærer mykje meir på ein slik dag enn ved å sitte i klasserommet". Og det var i fullt alvor, altså. Og då lurer eg på om korfor slike holdningar er så nærværande her og så fråværande andre plassar. Og eg tenkjer at kanskje på ein plass som Hornindal, er ikkje det viktigaste å gjere det godt i skulefaga eller få seg ein høg akademisk utdanning. For det er ikkje det bygda treng mest. Her trengs det vanlege folk som er glad i jobbe og glade i naturen. Som kan overta gardar og halde liv i småbedriftene. Som kan bli verande her i staden for å reise vekk. Og kanskje ikkje er det så gale? Sjølv om eg protesterer med heile meg mot det bussjåføren sa. For eg er ikkje villeg til å forlate klasserommet for godt og berre gå på fjellet. Men utsikta frå toppen er god....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar