fredag 25. november 2011

På konsert med Kurt

Sesongen for julekonsertar er for lengst i gang, og denne veka fekk eg sjansen til å vere med på julekonsert med Kurt Nilsen i Operahuset på Nordfjordeid. Saman med kolleger frå jobben og fleire hundre andre kunne vi kose oss i vellyden i Operahuset. Til ein blanding av amerikanske "crooners" og meir eller mindre kjende norske julesongar. På fremste rad, sjølvsagt. Ei lun og fin oppleving vart det, og valuta for billetten fekk vi og. Over 90 minutt med fantastiske musikarar og ein fantastisk stemme, frå heile Noregs rørleggar-artist.

Når eg likevel ikkje er heilt i ekstase over det musikalske, kan det vel forklarast på fleire måtar. Juleplata til Kurt, som kom i fjor, klarte ikkje å begeistre så mange anmeldarar. Når ein gjev ut songar som er kjende for dei aller fleste frå før, forventar ein nesten at artisten skal tilføre songane noko nytt og kreativt. Det gjer i grunnen ikkje Kurt. Dei blir stort sett framført slik vi har høyrt dei før. Med unntak av ein ting: stemmeleie. Og sjølv synes eg at songar som "When you wish upon a star" og "White christmas" fungerar mykje betre i sine originalversjonar med ein bassstemme, enn med falsettstemmen til Kurt. Han legg rett og slett dei fleste songane i eit altfor høgt toneleie. Kanskje er det slik han mest får imponert med stemmeprakten sin, men han er like flink i dei lave stemmeleia. Han kunne faktisk tene på å synge heilt vanleg av og til, utan å skulle imponere.

Best fungerte det faktisk då Kurt song sin eigen "I kveld". At Marion Ravn også dukka opp på scenen, løfta heller ikkje konserten nevneverdig, sjølv om ho framførte Joni Mitchells nydelige "River". Alt i alt ein fin og hyggelig kveld i Operahuset, men ikkje ein stor musikalsk opplevelse. Sjølv om det var umulig å ikkje bli imponert over musikarane Kurt Nilsen hadde med seg. Men for meg vil nok rørleggaren frå Arna framleis først og fremst vere mannen som urinerte på sykkelen til svogeren min.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar