fredag 30. desember 2011

Deilig er jorden

En god venninne av meg jobber i et begravelsesbyrå. Hun sier at den gamle salmen er en av sangene som er hyppigst brukt i begravelser. De fleste av oss tenker på den som en julesang, selv om det strengt tatt bare er det siste verset som har "julete" innhold. Men mange velger altså denne salmen for å markere livets slutt.

Egentlig liker jeg dette litt. I den forbindelse må man jo se på salmen som en protestsang. For det finnes jo overveldende mange argumenter for å motsi salmens tittel. Spesielt i en begravelse, hvor det meste er trist. Men så synger man altså at jorden og himmelen og alt på den er fantastisk og flott. Så feirer man livet i stedet for å omfavne døden. Og kanskje er begravelser det rette stedet å gjøre akkurat det. Og kanskje er årets nest siste dag en god dag å synge akkurat denne.

Godt nytt år!

lørdag 17. desember 2011

Mannfolk

I mitt prosjekt med å bli opplyst om vår nasjonale litterære arv, er turen denne gongen komen til Arne Garborg. Av dei tre bøkene eg har i hylla mi, valde eg den tynnaste, Mannfolk. Boka var visstnok svært omstridd i samtida si, og den tek for seg eit tema som det var stor merksemd om på den tida, nemleg seksualmoral. Mellom anna vart boka brend av rektor ved Katedralskolen i Kristiansand. Ganske utruleg for oss som lever no, sidan boka ikkje inneheld spesielt mange tankar som er radikale i vår tid.

Boka handlar om fleire unge menneske i eit kunstnarmiljø i det som då heitte Kristiania. Sentralt i det dei fleste av dei tenkjer på, står ekteskapet. Det er den vegen livet går, men for Garborg er det mykje tvil knytta til dette. Kvifor skal ein gå inn i ekteskapet? Er det eit sjølvstendig val eller ei samfunnsmessig forventning? For enkelte av kvinnene er det andre tankar som gjer seg gjeldande, dei set større krav til mennene enn berre at dei vil finne ein å gifte seg med. Krav som Garborgs mannfolk ikkje klarar å leve opp til, nemleg avhald før ektekskapet. Og då blir jo lett alternativet at ein går inn i ekteskapet på ei løgn. Desse kvinnesakskvinnene får lite sympati hos Garborg. Ein av mennene, og i følge anmeldarar er det denne som er Garborgs talerør, torer å gjere det ingen andre torer, han lever som gift utan å vere det. Men heller ikkje dette skaper den lukke og framtid som forventa. Er det samfunnet si skuld eller er vi ikkje skapt til å leve slik?

I Garbors skildringar finnes ingen klare svar. Det handlar om tvil, forventningar, uoppfylde ynskjer og,  ikkje minst, hykleri og livsløgner. Garborg skriv godt, sjølv om ikkje Mannfolk blir rekna for å vere av hans beste verk. Det sterkaste kapittelet er om tenestejenta Helene, som blir med barn med den unge studenten Laurits, som er forlova med ei anna kvinne. Han framstår som feig og redd når han ikkje vil stå fram som barnefar, sjølv om tenestejenta kjem i store vanskar. Garborg skildrar det lille barnets dødskamp og den utslitte mora på ein framifrå måte:

I det same skreik ho hardt opp: åh! sjå! ho vert svart! hjelp meg! døyr ho? svart! blå! Å Herre Gud Fader - Jonathan flaug til og måtte halde henne oppe. Han såg barne i andlite; det var svartblått med opin munn og uppspilde skræmde augo som brast. Det var dauden. Få att augo på det! kvesste han i; og munnen! Dette hjelpte henne. Ho fekk magt yvi seg sjølv; ja, ja! sagde ho, og freista å gjere som han sagde. Men augneloki var alt stive; han måtte hjelpe henne. "Er det.....er det slutt? spurde Helene, liksom ho ikkje torde tru det. Ja; no var det slutt. Men Helene tok til, halvt gråtande, halvt glad, å takke Gud for at han hadde teki den vesle til seg.