fredag 3. februar 2012

Ein hyllest til tante Sigrid


Heilt frå eg var liten har tante Sigrid vore ein person eg har forholdt meg til. Ho var liksom Tante med stor t. Ho hadde aldri mann og barn og ho budde i Drammen, langt vekk. Men kvar ferie kom ho med bussen. Det var stas når vi visste at tante skulle kome. Då pappa skulle hente henne på bussen, ville og og søstrene mine ofte vere med. Og når ho endeleg kom, var det eit høgdepunkt. Ikkje fordi at ho hadde så mange og dyre gåver til oss. Stort sett var det skiver med fårepølser, eit par eple, ei avis og eit par vekeblad. Men det var noko spesielt, det var Drammens-brød, Drammens-pølse og Drammens-eple. Og det smakte sjølvsagt ekstra godt.

Då eg vart eldre, vart fleire av tante sine eigenskapar meir synlege. Og då var det ikkje alltid like stor stas lenger. For du verden så ho kunne skravle. Og så sta og bestemt ho kunne vere. Å få ho til å skifte meining var umogleg, uansett kva det gjaldt. Og ein del av eigenskapane passa dårlig med tenåringar i delvis opprør. Å dra på handletur kunne vere litt flaut, for ho kunne fint rope over heile butikken med spørsmål om vi ville ha bananar.

I vaksen alder begynte ein å sjå tante Sigrid i eit nytt lys. For kor enkelt var det eigentleg å vekse opp utan far i dei harde tredveåra? Kor lett var det å reise bort og søkje arbeid som hushjelp? Og kor enkelt var det å etablere seg i ein heilt ny by som tredveåring? Og kva tenkte ho eigentleg om at ho aldri fekk stifte familie? Det er mykje eg ikkje veit om tante Sigrid. Men eg skjønar at det ikkje alltid var like enkelt å vere henne.

Tante var ei nøysom dame. Ho såg ikkje nokon grunn til å bruke så mykje pengar til seg sjølv. Ho var flink til å gi til dei som trengte det. Og kvar jul baka ho hundrevis av krumkaker og delte ut til venner og naboar. Då eg var 20 år, student og utan bil (han hadde rusta i hel) var tante den eg kunne ty til for hjelp. Både med pengar og med hjelp til å finne fram til potensielle selgarar i bilbyen Drammen. For Drammen kjende ho godt. Og eg trur at også Drammen kjende henne godt. Eg hadde med meg ein venn for å hjelpe meg å finne rett bil. Og han oppsummerte det vel ganske godt på sitt klingande bergensk: "Du verden som hon tyter, hon tanten din. Men hon e jo koselig og". Og bil blei det.

For tre år sidan var ho heime på Maurset for siste gong og feira jul med familien. Biletet er derifrå. Då var allerede demensen skremande verkeleg, og vi var bekymra og redde for kva ho kunne gjere. Og vi forstod at no var tida for å reise heim snart over. Det neste året var det klart at ho måtte flytte ut frå leiligheta si og inn på ein aldersheim. Der levde ho dei siste to og et halvt åra. Sjølv om demensen vart verre, kunne ho framleis ha stunder der ho hugsa godt, spesielt om alle heime i Nordfjord.

I november vart ho ramma av det dei fleste trur var eit slag. Deretter gjekk det fort nedvover. Overraskande fort. For det kom som eit sjokk likevel då telefonen kom den 12. januar. For no var livsdagen til tante Sigrid over. Fred over minnet.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar