onsdag 18. april 2012

Kvinnene på Myra: Marie


Kort tid etter at spanskesykje-pandemien var over, døydde ei til av dei unge søstrene på Myra, Marie. Ho var det nest yngste av seks barn, fødd 9/4 1889. Allereie då ho var fem år gammal, miste ho mor si, så ho vart tidleg kjend med livet og døden. Sjølv vart ho 32 år gammal, og døydde i 1922. Sjølv om spanskesykja var over, var det nok av anna sjukdom som kunne vere farleg og til og med livstruande. Tæring var ein av dei vanlegaste døsdsårsakene på denne tida. I dag er sjukdomen kjent som tuberkolose, og er ein sjukdom som angrep lungene, først og fremst. I byrjinga av førre hundreår var det vanleg at sjukdomen tok livet av 6-7000 nordmenn kvart år. Ein av dei var altså Marie.

Lillesøstra Pernille tok tapet spesielt tungt. Det er ikkje unaturleg at dei tok fekk eit spesielt nært forhold, og Pernille skildra Marie som uvanleg snill og god. Marie var også flink på mange områder, spesielt til å sy gardiner, handkle og dukar. Alle desse pleidde ho å markere med sine eigen signatur, ein stor M. Då eg fann nokre av desse plagga i ei av kistene på garden, tenkte eg at desse var altfor fine til å ligge ubrukt. Difor hang eg opp to av gardinene til Marie i dei nye vindauga mine.

Elles skulle eg ønskje eg visste meir, også om Marie. Om kvifor ho aldri gifte seg. Om kva slags person ho var, og korleis oldefar min opplevde å miste tre av døtrene sine i så ung alder. Ein av dei få minna som fins att, er minnebøkene eg fann på loftet, både til Marie og veslesøstera Pernille. På biletet kan du sjå sida frå Pernille si minnebok, der Marie har skrive til Pernille. Her står det:

Ver alltid glad
gaa modig frem
igenem livets dage
i fryd du sangens harpe stem
i modgang da ei klage

Minnast din søster
Marie Maurset

torsdag 12. april 2012

Ti tusen

Teljeverket på bloggen min har no altså passert ti tusen treff. Over ti tusen gonga har altså nokon vore inne for å sjå på denne sida. Ein god del av treffa er sjølvsagt mine eigne, ved at eg har lagt inn nye innlegg eller ved at eg har vore inne for å sjå om nokon har kommentert det eg har skrive. Av og til har det kome kommentarar, men ikkje så ofte. No har jo også blogspot blitt utsyrt med ei statistikkside, som viser kor mange som har vore innom og kor desse kjem frå. Der kan eg jo registrere at folk frå Ukraina, USA og Estland har vore innom. Utan at eg trur at dei fleste lesarane mine kjem derifrå.

Det eg kunne tenke meg å vite, er kven du som les er. Kvifor les du denne bloggen? Kva likar du best å lese om her? Har nokre innlegg gjort meir inntrykk på deg enn andre? Og er det noko spesielt du gjerne vil at eg skal skrive om. Stå fram ;)

søndag 8. april 2012

Kvinnene på Myra: Ingeborg og Magnhild

Døden vart ein vanleg gjest på Myra dei første åra. Først døde mor Sigrid, så i rask rekkefølge dei to eldste døtrene, Ingeborg og Magnhild. Ein dødeleg sjukdom spreidde seg over store delar av Europa på den tida. Den vart kalla spanskesykja, ikkje fordi den oppstod i Spania, men fordi den visstnok vart mest omtala i avisene der. Wikipedia skildrar sjukdommen slik:

Spanskesyken
 var en verdensomspennende pandemi, influensapandemi, som herjet fra 1917 til 1920. Spanskesyken var en uvanlig hard og dødelig form av influensa som spredte seg over hele verden i fire bølger imellom 1918 og januar 1920. Første utbrudd oppsto i 1917. Høsten 1918 kom en ny bølge, i 1919 en tredje og i januar 1920 en fjerde og siste.

Ingeborg og Magnhild var av altså av dei omtrent 15000 som døydde av sjukdomen i Noreg.

Om dei to veit eg omtrent ingenting. Vi hadde visstnok eit bilde av Ingeborg i huset, men eg har ikkje vore i stand til å finne det. Kanskje den lille veven du ser på biletet tilhøyrte ein av dei? Eg veit heller ikkje nøyaktig når dei døde, men dersom det var i åra for det verst utbrotet, må dei ha vore i tredveåra, sjølv om mor mi trudde dei var i tenåra då dei døydde.


Oldefar min hadde i løpet av dei åra han hadde budd på Myra, opplevd å miste både kone og to av borna sine. Det blir også fortalt at han miste eit tredje barn, ein son, som han hadde fått med den nye kona si, Agnete. Guten, som vart kalla Sigurd, levde berre nokre få veker. 


I løpet av dei neste åra kom døden fleire gonger attende til Myra.

lørdag 7. april 2012

Kvinnene på Myra: Oldemor Sigrid

Maurset består av sju gardar. Ein av desse er min gard, som er kalla Myra. Ikkje eit veldig underleg navn, det er den garden som ligg lågast og har den våtaste jorda. Her på Myra har det vore kvinnene som har vore i fleirtal heilt sidan 1880, då oldefar min kjøpte garden. Akkurat no er faktisk eit unntak, sidan mor mi faktisk er i undertal akkurat no.

Den første av kvinnene i mi slekt som budde her, var oldemor mi, ho Sigrid. Om henne veit eg veldig lite, og det gjer dei andre her og. Ikkje finst det ei grav med gravstein, ikkje eit einaste bilete. Ikkje veit eg heilt sikkert når ho vart fødd eller når ho gifta seg. Men det finst ein del fine gjenstandar etter henne, mellom anna tina og kista du ser på biletet.

Om ho vart fødd i 1845 eller 1848 er ikkje slektsboka for Hornindal einig med seg sjølv om. Men ho vaks i alle fall opp på garden kalla "Furdansen". Også her var kvinnene i fleirtal, og ho miste veslebroren sin då han var tre år. Då ho var i tjueaåra gifte ho seg med min oldefar, som var husmann. Så fekk han sjansen til å kjøpe garden her, og dei flytta hit i 1880, saman med oldefars syster Synneve.

Saman med dei flytte også den ganske så nyfødde Ingeborg.  Den første tida vart nok brukt til å reise opp nytt hus, skaffe seg dyr og drive den jorda som var, mest mogleg effektivt. Kanskje vart det også dyrka ny jord. Vi kan vel sjølve tenkje oss at det sikkert ikkje var nokon dans på roser. Midt i alt dette kom det fleire born, den andre dottera, Magnhild og den tredje, Oline. Sonen Bottolf kom deretter. Så to jenter til, Marie og Pernille. Kort tid etter at yngstejenta vart fødd, vart Sigrid sjuk. Sjukdomen skal ha vore i magen, men på den tida var det vanskeleg å vite kva det var.

I 1895 endte Sigrid livet sitt, då var ho kanskje 47 eller 50 år. Kva skulle oldefar då gjere, som far til seks born? Heldigvis var ei ny kone på plass to år etter, Agnete. Men før den tid vart lille Pernille sendt tilbake til folket sitt på Furdansen, for å vere der ei tid. Oldefar var ikkje i stand til å ta seg av eit så lite barn, og Pernille var svak og sjukeleg helt frå barndommen. Og sorga var nok stor over tapet han hadde opplevd. Og dei neste åra skulle tapet bli endå større.

onsdag 4. april 2012

Anbefalt påskekrim

Av ein eller annan grunn har det blitt slik at ein skal lese krim i påska. Det kan jo ha med ein viss kriminell hending i Jerusalem for to tusen år sidan å gjere, ikkje veit eg. No les vel folk ikkje mykje anna enn krim resten av året heller, i alle fall ikkje nordmenn. Men i mylderet av krimbøker og forfattarar, kan du vel trenge nokre tips. Som eg har skrive før, er eg ikkje nokon entusiast. Men det betyr ikkje at eg ikkje kjenner forskjellen på god og dårleg krim. Så her er tips til ti bøker, i tilfeldig rekkefølge.

1. "Ti små negerunger" av Agatha Christie. Krimdronninga framfor nokon er Agatha Christie. Det meste av det ho skreiv er leseverdig, men denne er ein av dei beste. Ikkje minst på grunn av slutten, som er ganske forunderleg, og som har vært tema for store diskusjoner. Denne vart skriven på den tida det framleis var lov å seie "neger".

2. "Døde menn går i land" av Bernhard Borge. Andre Bjerke skreiv krimbøker under pseudonym, og desse er faktisk veldig høg kvalitet over. Eg kunne også anbefalt "De dødes tjern" og "Nattmennesket", men ingen er så skummel og skræmande som denne. Elementer her er sorte messer, djeveldyrking og mystiske sjømenn.

3. "Borte for alltid" av Harlan Coben. Coben er en av dei nye forfattarane som har fått eit stort publikum. Velfortjent, spør du meg. Ei fengslande historie om gamalt familefiendskap og spenning som driv deg frå side til side.

4. "Absolutt kontroll" av David Baldacci. Kanskje litt på sida av det ein vanlegvis kallar krim, men Baldacci skildrar storpolitiske miljø sett ut frå ein vanleg person sin synsvinkel. Glimrande oppbygning og stor spenning.

5. "Inferno i hvitt" av Alistair MacLean. Personlig syns eg MacLean varierar veldig i kvalitet, men på sitt beste er han fantastisk. Som her, der han skildrar eit miljø av forskarar på Grønland, isolert i isødet med ein mordar mellom seg.

6. "Sirkler i stein" av Robert Goddard. Huskar at eg las denne medan eg tok ekspressbussen til Austlandet. Ein svært spennande og underholdande tur, kan ein seie. Goddards styrke er at han skapar heltar ut av heilt vanlege folk.

7. "De gales øy" av Dennis Lehane . Filmatisert med Leonardo di Caprio i hvoedrollen. Fantastisk, snikande og skræmande og galskap både innvendig og utvendig.

8. "Sort messe" av John Dickson Carr. Ein av krimlitteraturens klassikarar. Carr er kjent som meisteren av "det låste roms mysterier", og også her skildrer han mord som er helt umulige å forklare. Med eit element av det okkulte og overnaturlige, blir det ekstra skræmande.

9. "Dødsriket" av Tom Kristensen.  Eg likar Kristensens enkle stil, som er lettlest. Dette er kanskje hans beste, med element av internasjonal terrorvirksomhet.

10. "Ulvenatten" av Tom Egeland. Kanskje heller ikkje ein tradisjonell krim, men ei av de aller mest spennande bøkene eg har lese. Forrykande frå første til siste side,

Har eg gløymt Stieg Larsson og Jo Nesbø, seier du? Ja bare les dei dersom du heller vil det;) God påske!