torsdag 17. mai 2012

Husa på Myra

Då oldeforeldrene mine kom til garden i 1880, stod det både hus og låve her. Låven er den same som står framleis, sjølv om han har blitt påbygd seinare. Og dessutan har mykje av det påbygde blitt rive ned igjen (av meg ;)). Fleire av nabohusa er også ganske så like over hundre år seinare, som du kan sjå her. Huset på Myra, derimot, er ikkje det same. Så vidt eg veit, fins det berre eit einaste bilete av gamlestova på Myra. Her kan du sjå at ein militærbataljon har slått leir på heimjorda. I bakgrunnen ser du stova, der det på det mest budde ti menneske. Huset skal ha brent ned til grunnen ein gong tidleg i forrige århundre. Eg vil difor tru at biletet kan være frå rundt århundreskiftet, eller litt før.

Den nye stova på Maurset skal ha stått ferdig i 1910. Det er altså same huset eg bur i no, sjølv om det har blitt påbygd seinare.. Så vidt eg veit, er dette det første bildet av huset. På baksida av bildet står det "Stova på Myra og folket der". Av dei fem personane på biletet, er dei to mennene heilt sikkert min oldefar Elling og bestefar Botolv. Den minste av kvinnene, i midten, er ganske sikkert Pernille, som var liten av vekst. Sidan biletet er noko utydeleg, er det vanskeleg å vere sikker på kven dei to siste er. Truleg er kvinna til venstre Store-Synneve, og den andre Marie. Det betyr at Agnete ikkje er med på biletet av ein eller annan grunn. Alternativt kan ein av dei to vere henne, men det liknar ikkje spesielt mykje. Truleg er bildet teke ein gong mellom 1910 og 1921, då Synneve døydde.

Det tredje huset på Maurset, sto ferdig i fjor. Det er altså første gong det vart bygd eit hus nummer to på Myra. Her bur no mine to foreldre, i huset som har ei flate og tre soverom. Og for første gong har også Myra fått ein terrasse ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar