lørdag 12. mai 2012

Kvinnene på Myra: Agnete

Agnete kom fra Tvinnereim, som i dag ligg i Stryn, til Maurset i 1897, då ho gifte seg med min oldefar Elling, som hadde blitt enkemann to år før. Om det var romantikk inne i bildet, eller om det berre var ei fornuftsordning, veit eg ikkje. Kanskje er det mest truleg at det var det siste. Ein enkemann med fem små barn, må ha vore desperat etter å skaffe seg hjelp. Rett nok hadde han systera Synneve, men for ein nybyggar var arbeidsoppgåvene uendelege. Agnete vart redninga. Ho var då 42 år gammal.

Kyrkjeboka fortel at Agnete vart fødd sommaren 1855. Foreldra var Anders og Marthe Tvinnereim. Kva ho gjorde dei førtito åra fram til ho kom til Maurset, anar eg inenting om, men sannsynlegvis hjelpte ho til på heimgarden på Tvinnereim. Året etter at ho kom til Maurset, vart ho mor for første gong, 43 år gammal. Men sonen Sigurd levde berre i nokre månader. Kva han døydde av, er for utydeleg å lese frå kyrkjeboka. Fleire barn fekk ikkje Agnete og Elling.

Agnete fekk altså som oppgåve å oppdra fem born som ikkje var hennar eigne. Ei av dei reiste til Amerika, tre var Agnete med å begrave. Den yngste, Pernille, fortalte at Agnete var flink til å arbeide, men at det kunne vere vanskeleg å forholde seg til henne som stemor. Ho var visstnok ei alvorleg kvinne, men kunne også le og smile. Då ein ny genrasjon vaks fram på slutten av 20-talet, fekk Agnete som hovudoppgåve å passe dei små barna. Ein av dei var far min. På biletet kan du sjå han som ganske nyfødd, saman med Agnete og Elling. I følgje han sjølv var han ein gong som liten gut på nabobesøk, der han fekk streng beskjed om å ikkje rive ned blomsterpottene. "Å nei, han gjer ikkje det", skal Agnete ha sagt. Sekund seinare låg potta på golvet.

Agnete fekk leve til å bli gammal, og opplevde også krigen i landet vårt. Berre nokre få månader før krigen var slutt, i januar 1945, døydde Agnete, nær 90 år gammal. I huset fins fleire gjenstandar til minne om henne, mellom anna denne flotte kista. Agnete fekk sin siste kvilestad på kyrkjegarden i Hornindal, der vi enno kan besøke grava hennar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar