tirsdag 1. mai 2012

Kvinnene på Myra: Oline

Fem døtre fekk oldefar min, Elling Maurset. Av desse var det altså berre to som levde lenge nok til å få eit fullt liv. Tre av dei, Ingeborg, Magnhild og Maria døydde av sjukdom så altfor tidleg. Og her må eg rette opp ein del feil frå innlegget om dei to eldste. Dei døydde altså ikkje av spanskesykja, men av tæring, akkurat som søstra Marie. Dei døydde med eit års mellomrom, i 1901 og 1902, då dei begge var i slutten av tenåra. Året etter vart den tredje eldste av døtrene til Elling borte. Men Oline døydde ikkje, ho var ein av dei mange som la vegen til Amerika.

Kyrkjebokja fortel at Oline vart fødd den 25. mai 1884. Nitten år gammal forlet ho altså heimen for å slå seg ned i Amerika med sin tilkomande ektemann. Ho kom til hamna i Boston den 15. oktober 1903. Då hadde den tilkomande ektemannen reist føre henne. Nedanfor kan du sjå passasjerlista frå båten som la ut frå Liverpool i England. Oline sitt namn står lengst ned på sida. Av verdiar eigde Oline 10 dollar. Lista fortel vidare at ho tok ut frå Bergen, og at ho ikkje hadde vore i Amerika før. Oline Maurset gifte seg altså  med Andreas og vart Oline Bødal, eller Lina Bodal som ho vart heitande i Amerika. Mannen Andreas, eller Andrew, kom frå ein av gardane i lodalen, som seinare skulle bli kjent for ei katastrofal rasulukke. Dei gifte seg i mai 1904 og busette seg saman i Minnesota, som var den staten dei fleste av nordmennene slo seg ned. Fem månader seinare, den 1. oktober 1904, fekk dei ein son, Emil. Oline var då 20 år gammal. Fleire born fekk dei ikkje. På biletet kan du sjå mor og son saman.

Oline brevveksla med systera Pernille i alle åra til ho døydde. Ein gong vi var små, fann eg og syster mi desse breva mellom Pernilles saker. På den tida samla vi på frimerke, så det var stas å finne amerikanske merker, og vi klipte dei ut. No skulle eg ønskje vi hadde teke vare på breva i staden for frimerka. Tenk kor spennande det hadde vore no å kunne lese korleis det var for ein norsk familie å slå seg ned i Amerika på denne tida!

Sonen Emil var soldat i 2. verdskrigen og fekk etterkvart gravplass mellom amerikanske krigsveteranar. Oline døydde i Minnesota i 1954, 70 år gammal. Mannen Andrew levde ein del år lenger, og døydde i 1965. Sonen Emil gifte seg med Audrey og fekk fleire barn. Og her sluttar kontakten. Men eg reknar med det fins folk framleis der borte som har blod frå Myra i årane....


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar