tirsdag 15. mai 2012

Kvinnene på Myra: Tippoldemor Ingeborg

Ved å lese kykrjebøkjene kan ein få vite litt av kvart ein ikkje visste. No er det ikkje heilt sikkert at denne Ingeborg faktisk var ei av kvinnene på Myra. Ho levde mesteparten av livet sitt på ein husmannsplass på Gausemel saman med mannen Botolf. Men i følge kyrkjeboka døydde både ho og mannen på Maurset. Då er det jo nærliggande å tru at dei to forlet husmannsplassen på sine gamle dager og flytta til sonen Elling på Maurset. I alle fall var det her Ingeborg var då ho døydde av lungebetennelse i 1890, i følgje kyrkjeboka. Då var ho 80 år gammal.

Ingeborg vart fødd på Ytrehorn i Hornindal i 1810. Allerede då ho var 10, miste ho far sin. Mor hennar gifte seg snart opp att med ein mann som heitte Elling. Vi kan jo gjette oss til at Ingeborg hadde eit godt forhold til stefar sin, sidan ho valde å kalle sin son og for Elling. 27 år gammal gifte ho seg og flytte til husmannsplassen på Gausemel, der ho budde det meste av livet sitt. Nordfjordboka opplyser om at plassen i 1865 hadde 3 storfe, 3 sauer, 3/4 tønne havre og 3/4 tønne poteter i utsæde. Ikkje akkurat velstand. Husmannslivet var hardt, og mang ein gong måtte husmannsfolket be om hjelp frå fattigkassa. Av ein eller annan grunn vart folk som fekk hjelp frå fattigkassa, oppført som "fattiglem" i kyrkjeboka. Så også Ingeborg, sjølv om ordet berre står i parantes. Så kan vi tolke det som vi vil.

Det må ha vore ein stor lettelse for Ingeborg at sonen fekk kjøpe gard og etablere seg på Maurset, sjølv om heller ikkje dette livet akkurat var  lett. Ingeborg fekk lov til å dra sine siste andedrag omgitt av familien, som hadde blitt stor. I året Ingeborg døydde, budde det 10 menneske i den vesle stova på Myra. Som vi har sett, vart talet kraftig redusert dei neste åra. Trettifem år seinare var det berre 4 att.

Biletet er frå ein av dei få bevarte husmannsplassar i Hornindal, på Nygard.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar