torsdag 28. juni 2012

Mona, Atle og en fersk toastmaster

Min gode venn Atle Egon ble smidd i hymens lenker med sin kjære Mona den 16. juni. For første gang skulle jeg spille rollen som toastmaster. Byen Bergen viste seg fra sin mindre gode side, og det høljet ned hele dagen. Men en flott dag hadde vi alle sammen likevel. Selv om jeg klarte å rote meg bort og kom for seint fram til kirken. Dermed gikk jeg glipp av innmarsjen og den første salmen. Men jeg fikk med meg det viktigste. Brudgommen overrasket med turkis dress og hvite tøysko.

Festen ble holdt i det som kalles gamle Bergen, et område med eldgammel bebyggelse og nydelige trehus. Der samlet seg rundt førti personer for å feire den store dagen. Til god mat, flotte taler og hyggelig samvær. De fleste av gjestene var fra Atles familie, som er ganske stor.

Jeg lurte litt på hvordan jeg skulle gå inn i oppgaven jeg hadde fått. Det gjelder å finne balansen mellom å ta for mye plass og bli helt usynlig. For meg var kanskje det første alternativet den største faren. Jeg har jo en del historier, etter å ha bodd sammen med Atle et år og ha kjent han i flere. Men jeg tror det gikk bra, flere ga i alle fall uttrykk for at de synes jeg gjorde en god jobb. Og det er jo alltid hyggelig. Bryllupsreisen gikk til Roma. Og er de ikke kommet hjem, så er de vel der enda.

tirsdag 12. juni 2012

De fire store

Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson, Alexander Kielland og Jonas Lie er blitt kalt de fire store i den norske litteraturen. De fleste tror vel at dette er fordi de fire regnes for å være de fremste forfatterne vi har, og kanskje er de det. Men mange vil nok hevde at folk som Undset, Hamsun, Skram og Garborg på mange måter er like store. Uansett så ble de kalt de fire store mer som et salgsframstøt fra forlaget Gyldendal, enn for å sette de over andre samtidige forfattere.

Nå har jeg lest et verk av hver av de fire store. Henrik Ibsens Brand har jeg skrevet om før her på bloggen. I tillegg har jeg pløyd meg gjennom Lies Gå på, Kiellands Skipper Worse og nå sist Bjørnstjerne Bjørnsons Synnøve Solbakken. Over hundre år etter at de ble skrevet er det fortsatt mye leseverdig å finne blant de fire store.

Alexander Kielland er nok den mest lettleste av de fire. I historien om skipper Worse skildrer forfatteren møtet mellom en røff sjømannskultur og den pietistiske haugianerbevegelsen, om skipperen som blir fanget mellom disse to ved sitt giftermål med den unge haugianerkvinnen Sara. Kielland lar sin kritikk mot datidens religiøse vesen skinne rimelig klart gjennom, og man synes synd på den stakkars skipper Worse.

Jonas Lie er nok den mest glemte av de fire store. Etter å ha lest hans bok Gå på, kan man til dels forstå dette. Han er nok den av de fire som har tålt tidens tann dårligst. Historien handler om den unge og ambisiøse ungkaren Rejer Jansen Juhl og hans vei gjennom livet. Jeg slet litt med å finne en rød tråd i fortellingen. Måten han skriver på er ganske pompøs, og lange skildringer som er blitt mer vanlig i litteraturen er ganske så fraværende. Å si at han ikke er leseverdig, er likevel å gå for langt.

Om Bjørnstjerne Bjørnson har jeg vel sagt akkurat det, etter å ha forsøkt meg på hans Fiskerjenten tidligere. Det er svært sjelden at jeg gir opp bøker, men det gjorde jeg altså med denne. Det fine med Bjørnsons fortellinger er at de er så korte. Dermed bestemte jeg meg for å gi han en ny sjanse, og jeg fikk en helt annerledes opplevelse med Synnøve Solbakken. Jeg synes fortellingen har mange likhetstrekk med Hamsuns Victoria, som ble skrevet en del år seinere, selv om utgangen er lykkeligere. Hamsuns bok ble skrevet i den realistiske perioden, hvor lykkelige slutter på bøker var heller sjeldent. Man blir fascinert av kjærlighetshistorien mellom den yndige Synnøve og rabagasten Torbjørn. I boken finner vi også flere vakre, poetiske skildringer fra Bjørnsons penn, blant annet denne:


Hun plukket ikke mere bær nå. "Vil du ha dem der," sa hun og rakte ham strået. "Takk," sa han, og holdt hånden som rakte bærene. "Så er det vel best det blir ved det gamle," sa han litt svak i målet. "Ja," hvisket hun neppe hørlig og vendte seg bort; de gikk videre fremover, og så lenge hun tidde, torde han ikke røre ved henne, heller ikke tale; men han følte liksom ingen vekt i kroppen, og var derfor noe nær ved å tumle overende. Det brente for øyet, og da de i det samme kom på en haug, hvorfra Solbakken godt såes, var det ham som han hadde bodd der all sin levetid og lengtes dit hjem. "Jeg følger henne likeså godt over straks," tenkte han og gikk og drakk mot i seg av synet, så han ble sterkere i sitt forsett for hvert skritt. "Far hjelper meg, " tenkte han; "jeg holder ikke dette ut lenger, jeg må over - må!" Og han gikk fortere og fortere, bare så like frem; det lyste over bygden og gården. "Ja idag; aldri en time lenger venter jeg," og han følte seg så sterk, at han visste ikke hvorhen ha skulle vende seg. "Du går rent ifra meg" hørte han en blid stemme like bak seg; det var Synnøve som slett ikke kunne følge ham, og nå måtte gi tapt. Han ble skamfull og vendte om, kom tilbake med utstrakt arm og tenkte: jeg skal løfte henne over hodet på meg; men da han kom nær henne, gjorde han det slett ikke.

søndag 10. juni 2012

Kvinnene på Myra: Pernille

Eg avsluttar serien om kvinnene på Myra med å fortelje om ho som var her lengst av dei alle, Pernille, som vart fødd her, levde her alle sine dagar, og som døydde her, 91 år gammal. For oss var ho berre faste'. Faster er jo eit anna nvna for tante, og sidan pappa kalte henne for faster, blei det til at vi gjorde det og. Sjølv hugsar eg henne som ualminnelig god og snill, vennleg og svært gudfryktig. Ho budde på loftet saman med besta, og visste ikkje kva godt ho kunne gjere for oss barna. Ho var spesielt opptatt av at vi skulle ete godt, så vi ikkje leid nokon naud. For det hadde ho opplevd sjølv. Når ein tenkjer på alle den sorg ho sjølv hadde opplevd, er det utruleg at ho kunne bevare ein slik livsglede.

Pernille vart fødd 8. januar 1893. Heilt frå brndommen var ho spe og ganske sjukeleg. I ei tid som denne var det ikkje vanleg at alle borna levde opp, og Pernille var vel ein kandidat til å ikkje klare det. Tidleg fekk ho oppleve sorg og sakn. Ho miste mor si allereie då ho var 2 år gammal, og vart sendt til slekta si på Furdansen i Hornindal. Kort tid etter var stemor Agnete på plass, og ho flytte heim att. I løpet av dei neste åra miste ho mange. Bestefaren Bottolf, halvbroren Sigurd, søstrene Ingeborg og Magnhild. Storesøster Oline reiste til Amerika. Men det verste slaget for Pernille var då ho miste søstera Marie. Då skal Pernille ha sagt at ho berre ville kaste seg ned i grava til søstera. Sorga var uendeleg.

Men livet gjekk vidare. Pernille voks opp og vart ei ettertrakta ung dame. Ho planla å gifte seg og flytte frå Myra. Då ramma katastrofa på ny. Broren Bottolf fekk kreft, døydde og etterlet seg kone og to små barn. Pernille vart sett på val. Her er det ho sjølv fortel:

Mor ville at eg skulle bli verande på Myra. Svigerinna mi trengde den hjelpa eg kunne gje henne, meinte ho. Eg måtte velje, og valde å bli her på Myra. Eg var glad i borna og ville gjerne hjelpe dei. Og eg vil seie at det valet har eg aldri, aldri angra på. Det var ikkje noko offer, for eg skulle hjelpe mine eigne.

Då Pernille var 90 år, vart det laga eit intervju til lokalavisa Fjordingen. Heldigvis har far min teke vare på dette, slik at vi kan høyre litt av det Pernille sjølv fortel. Livet til Pernille vart altså meir enn nokon andre knytte til garden her. Ho hjelpte til med det meste, men noko av det viktigaste var setredrifta. Heile sommaren drog ho dit opp, melka kyrne på kvelden og morgonen etter, frakta den tunge melka ned til gards, for så å bevege seg opp igjen til setra. Dert vart eit miljø av setrejenter kvar sommar på setra, då kvar gard hadde sitt sel og sin fjøs der oppe.

Pernille sleit med helsa heile livet. Det eg hugsar best, er at ho hadde eit sår på foten som aldri vill gro. På dette såret pleidde ho å legge eit blad frå eit eller anna tre, for det skulle visst vere bra. For magen drakk ho litt konjakk som ho fekk tilsendt frå Vinmonopolet i Ålesund. Men det kunne gått endå verre med Pernille. Her fortel ho frå ungdomstida si:

På etterjulsvinteren det året eg fylte 15 vart eg sjuk. Vi hadde vore til kyrkje juledag. Det var slik gnaldrefrost, og eg fraus så forferdeleg på føtene. Eg vart liksom ikkje varn att, så ut på vinteren måtte eg til sengs. Eg fikk vattersott, og låg over eit år. Det var ein alvorleg sjukdom. Doktoren var på Faleide og han vart ikkje utsendt i utrengsmål. Eg sjølv trudde at alt skulle gå bra, og var ved godt mot. Tida gjekk fort, for eg likte å lese. Det er mykje godt å hente i bøkene. Hadde eg hatt alle bøkene eg har lest, ville det vorte ein stor haug. Sjukdomen gav seg, og eg vakna til att, men tid tok det.

Slik eg hugsar det, hadde Pernille lett for å fryse, og gjekk alltid med tjukke ullsokkar. Den strikka jakka du ser på biletet, var også eit plagg Pernille ofte gjekk med. Då eg rydda på loftet nyleg, fann eg denne jakka. Den var så lita at ein skulle tru den tilhøyrde eit barn. Pernille var ikkje noko høgreist dame.

I 91 år budde altså Pernille på Myra. Ho overlevde dei fleste, og såg død og sorg meir enn det som er godt for eit menneske. Trass i dette, var Pernille alltid takksam for det livet ho hadde:

Å, eg er så takksam. Takksam til Vår Herre som har ordna alt til det beste. Takka mi skal fyrst og fremst gå til Han som styrer og råder. Eg har det så trygt og godt. Kvar kveld når eg legg meg, bed eg bøna og sovnar så trygt. Er det ikkje godt å ha det slik?

lørdag 2. juni 2012

Kvinnene på Myra: Besta Anna

Sommaren 1926 kom ei ny kvinne til Myra. Namnet var Anna Lødemel. Ho kom frå garden Kringla på Lødemel i Hornindal, og gifte seg med den ni år eldre Bottolf. Ho var tredve år då ho kom til Myra. Visstnok skal ho ha vore nærmast forlova med ein annan mann. Men då ho jobba som tenestejente hos slektningar i Juetdalen, skal ho ha fått hyppige besøk av odelsguten Bottolf. Og då gjekk det som det ofte gjekk, og få manader etter bryllaupet fødde ho ein son, Erling. Halvanna år seinare fekk ho og ei dotter, Sigrid. Men gleda vart snart snudd til sorg. Berre tre år fekk Anna og Bottolf saman. Han sjukna inn med mageproblemer. Det vart konstatert kreft. Bottolf vegra seg for operasjon, sidan dette nok var ein svært usikker utveg. Resultatet vart at han døydde berre 43 år gammal i 1929. Anna sjølv var heller ikkje ukjend med at mennene i livet hennar døydde altfor tidleg.

I 1901, då Anna var fem år gammal, var faren Rasmus på marknad i Stryn. Han køyrde med hest og slede som dei alltid gjorde på den tida. På vegen heim stansa han for å bli natta over hos kona sin familie i Jutedalen. Då han skulle klive ut av sleden, skal han ha falle, landa på hovudet og døydd momentant. Saman med mora og dei fem søskena sine, måtte ho no klare seg uten far sin. Heldigvis var broren Anders alt vaksen, og i stand til å drive garden vidare på Kringla. På biletet ser du dei seks søskena saman med mor og farmor, og på kleda kan det sjå ut som familien var relativt velståande. Biletet er nok teke i 1905 eller 1906. Anna står lengst til venstre på biletet.

Anna fekk ein hard start på livet, og ein enda hardare start på livet som gift kone på Maurset. I tillegg gjekk ein no inn i dei harde tredveåra. Ho skulle oppdra to små barn, samt vere familieoverhovud og drive ein gard. Svigerfaren Elling døydde to år etter mannen Bottolf, og ho var no ein av tre kvinner som måtte drive garden vidare. Dei andre to var svigermora Agnete og svigerinna Pernille.

Anna gjorde så godt ho kunne, men tidene var harde. Ein gong var situasjonen så fortvila at ho måtte gå den tunge vegen til banken for å be om eit lån. Ho måtte også gå den tunge vegen heim att med uforretta sak. Heldigvis fekk ho hjelp av den yngre broren Arent, som hadde teke over garden i Jutedalen. Ho fekk også hjelp av fleire av slektningane sine i arbeidet på garden. Også svigerinna Pernille var ei uvurderleg hjelp.

Dei tunge tidene vart gradvis lettare. Sonen Erling vart vaksen og tok over ansvaret for garden. Dottera Sigrid flytte til Drammen, men kom heim ved kvar anledning ho hadde. Anna besøkte også Sigrid i Drammen. På syttitalet gifte sonen Erling seg, huset var påbygd og Anna flytte opp i andre etasje saman med Pernille. Og det er slik eg hugsar henne.

Etter mine minne av henne, var ho ei alvorleg kvinne, som ikkje smilte mykje. Eg kan heller ikkje hugse at ho sa så mykje. Ho var glad i å veve, og vevde metervis med okle og tepper. Den store veven fylte nesten rommet der ho var. Då vi var små, fekk vi kveldsmat på det vesle kjøkkenet på loftet kvar einaste kveld. Eit av få bilete der eg og ho er saman, ser du her.

Anna døydde sommaren 1982, 86 år gammal.