søndag 16. september 2012

Tunnelgudsteneste i Kviven

Frå uminnelege tider har folket i Hornindal gått over fjellet Kviven for å handle og byte med folket på Sunnmøre. Far min fortel at hans bestefar pleidde å ta turen over fjellet med ljåar han hadde smidd, for å byte dei i fisk sunnmørsbøndene hadde fiska. Mange andre tok same turen. På slutten av 1800-talet begynte ein del å ta til orde for at det burde bli laga veg her, slik at ein kunne kome seg lettare fram. Etter kvart som teknologien gjorde framsteg, vart innsatsen meir organisert. Men ikkje før no står altså vegen klar, den såkalla Kvivsvegen fra Hornindal til Volda. På kartet kan du sjå kor vegen går. Den største jobben har vore med den såkalte Kvivstunnelen fra Kalvatn til Lødemel, ein tunnel på 6,5 km. Neste søndag blir tunnelen vegen høgtideleg opna med besøk av stastråder og direktørar. Men allereie i dag vart tunnelen opna for folket. Og dagen vart markert på ein original måte.


Det er nok første og siste gongen eg får vere med på ei tunnelgudsteneste. Men midt i tunnelen, 75o meter under toppen av Kviven, der fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane går, hadde dei rigga opp scene og lydanlegg. Prestane stod i kø, og kor fylte opp scena. Folk strøymde til, gåande og syklande, frå begge sider av tunnelen. Dei samla seg sitjande og ståande framfor scena. Sjefen for tunnelarbeidet ønskte alle velkomme, så overtok prestane.


Eg må seie at dette er ein av dei finaste gudstenesteopplevingane eg har hatt på lenge.Tunnelbor vart brukt til å ringe inn. Nokre spelte lur, andre på saksofon. Prestane kom fram, den eine etter den andre, for å bidra med sitt. Naturleg nok var det kontrasten ljos/mørke som var gjort til hovudtema for gudstenesten. Om korleis folket var i mørket og fekk sjå eit stort ljos. At lyset fins i enden av tunnelen. Presten som helt preika, minte også om enden av livets tunnel, at også det er noko å tenkje på, kva som møter oss ved enden av den tunnelen. Forfriskande preike, i forhold til den sosialetiske svadaen du ofte høyrer frå dei kyrkjelege talarstolane. Eg kjente faktisk at det var fint å vere der. Både fordi det var symbolsk fint å merkere samanknytinga av to distrikt på denne måten. Men også fordi kyrkja hadde ein bodskap til folket.

Etterpå vart det gratis, pølser, brus og marsipankake til alle. Og det vart underhaldning frå alle kommune i nærleiken. Mest inntrykk gjorde nok elevane frå Austefjorden som spelte I Dovregubbens hall med elektrikerrør og brøytestikker (!) Så fekk eg treffe og prate med vener og kjente frå begge sider av fjellet. Og snart kan eg køyre bilen min gjennom og. I dag fekk eg i staden ein fin gåtur på 7 km. Ikkje dumt det heller.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar