onsdag 10. oktober 2012

Barndomsminner

Når ein ryddar litt på låven, ser ein ymse som vekkjer ein del minne frå ei enklare tid :) Her er tre ting eg såg på i dag.



Her er sykkelen eg lærte meg å sykle på. Jentesykkel var det jo sjølvsagt, men eg trur ikkje det la ein veldig dempar på opplevinga ;)









På eit eller anna tidspunkt fekk vi turnringar på låven. Eg hadde vel aldri det store talentet, eller spesielt stor kraft i armane. Søster mi var nok ein betre turnar enn eg. Ein av ringane heng der framleis, den andre er borte.











Sykkelvogna brukte vi til å køyre rundt på kvarandre. Den brunmåla grinda som låg oppi, der der endå. Men dekka har nok blitt skifta ein gong eller to.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar