mandag 8. oktober 2012

Umbra

Då eg var liten, kjøpte far min eit trekkspel. Planen var at eg eller systrene mine skulle lære å spele på det. Slik vart det aldri. Han sjølv spelta av og til nokre akkordar på det, men mest stod det ubrukt til det vart selt. Trekkspelmusikk vart aldri heilt noko for meg. No ser det derimot ut som eg kan bli nøydd til å revurdere dette. Kollega Linda Gytri si ny plate med eigenprodusert trekkspelmusikk er både stemningsfull og vakker, og langt frå den bedehusmusikken eller gammeldansen eg assosierte med instrumentet. Her kan du høyre opningsmelodien "Vakje". Sjekk gjerne ut resten av plata "Umbra" på Spotify eller Wimp.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar