tirsdag 27. november 2012

Dei gamle merkesteinane

I forrige veke var eg og far min ein tur til skogs for å sjå om vi kunne finne nokre aktuelle juletre. Det kan jo vere greit før dei snøar nede. Juletre fann vi, og samstundes fann vi nokre av dei steinane som markerer skilje mellom eigedomane til folket på Maurset. Nokre er vanskeleg å få auge på fordi dei er nesten borte i bakken. Denne, derimot, var enkel å få auge på. Han stod ved utkanten av eit granfelt. Rett ved sida av hadde fleire graner måtte gi tapt for stormen "Dagmar" i jula i fjor. Men dei gamle merkesteinane, som kjent, "dei standa like traust".

Skogeigedomane er eit uforståelig lappeteppe. Teigane ligg hulter til bulter, nokre er store, andre er mindre, men det verkar ikkje å være noko logikk bak korleis dei er plassert i forhold til kven som eig dei. Truleg har det likevel vore det, då dei vart inndelte. Men i dag framstår det som er merkeleg levning frå ei tid med heilt andre verdiar og prioriteringar. For geografien har spelt ei birolle her, ein har prøvd å dele inn slik at alle kan få ei blanding av god og dårleg jord og skog.

Opprinneleg skal Maurset ha bestått av to gardar, Inigard og Utigard. Når slektsboka for Hornindal begynner på 1600-talet, har Utigard blitt delt i to, slik at det er tre gardar på Maurset. Husa til desse tre ligg tett samla, noko som var vanleg før, medan jorda ligg sør og vest for husa. Men vi ser at når Utigard har blitt delt i to, har også teigane blitt fordelt slik at jorda til dei to gardane ikkje ligg samla, men er blanda. Den beste jorda skulle fordelast, uansett kor denne låg. På 1800-talet vart begge dei to gardane i Utigard igjen delt i to, slik at det vart fire gardar. På denne måten gjenoppstod logikken i teigblandinga, slik at heimjorda til den enkelte garden stort sett er samla. Seinare vart det reist ein femte gard, samt at også Innigard vart delt i to. I dag er det altså sju gardar på Maurset.

Fleire av gardane vart oppkalt etter bøndene som hadde budd der. Dei to gardane i Utigard er blitt kalt for Magne-bruket og Lars-bruket, men har for meg alltid vore kjent som "Mekjelane" (etter Mikal som budde her på andre halvdel av 1800-talet) og Berentane (etter Berent som levde omtrent samtidig som Mikal). Grunnen til at gardane igjen vart delt, har nok vore økonomi. Ein har frådelt ein del som har blitt selt. Mekjelane vart altså delt i to, og ein tredel vart til garden Myra , som eg bur på. Eg har faktisk papir på at garden vart frådelt og selt rundt midten av 1800-talet. Berent-garden var eigd av den kjente spelemannen Magne Maurset. Han var nok meir interessert i musikk enn gardsdrift, og slikt blir ein ikkje rik av. Han delte garden i to, men selde faktisk begge to, og flytta til ei husmannstova på garden sin, der han vart gamal saman med søstra Gunhild.

Berent-grden er den første av gardane på Maurset som vart lagt ut for sal i løpet av dei siste hundre åra, som et resultat av at den dåverande eigaren hadde sett seg i eit økonomisk uføre. På slutten av 90-talet vart garden kjøpt av eit yngre ektepar, som har drive med hestar og ridning. Det er nok ikkje lett å kome som innflyttar til ei så etablert bygd. Lenge gjekk det vel ganske bra, men etter kvart vart det meir vanskeleg.

Å ha gode naboar er noko vi alle ønskjer oss. Dessverre verkar det som har Berent-naboen har lagt både meg og familien for hat. Det er vanskeleg, også fordi eg ikkje forstår at eg skal har gjort noko som skulle forårsake ei slik kjensle. Framleis håpar eg at det går an å finne ei felles forståing, men det har sett vanskeleg ut så langt. Uansett, om relasjonar og tilhøve endrar seg, dei gamle merkesteinane står der som vitne om nærleik, men også om skiljer. Det er ikkje sikkert det var så mykje enklare før.

søndag 18. november 2012

Farshuset

Tradisjonen med at både mor og far skal ha sin eigen dag, er ein god skikk. Alle dei som jobbar og slit for å få endane til å møtast, enten det gjeld pengar eller tid, eller begge deler, fortener den hyllesten dei får. Min far har og feira sin 86-års dag denne veka, så han har fått dobbel merksemd. Han er ikkje så sprek og klar som han var ein gong, men det må ein vel rekne med i den alderen.

Biletet av farshjertet og farshuset har ei betydning som nok ikkje kan overdrivast. Den første gongen eg heldt ein tale for ei større menighet, var overskrifta mi "Gud er de farløses far". Det eg ikkje visste var at at det sat en ung gutt der som hadde mista far sin, og bar på ei stor sorg på grunn av det. Etter talen kom han gråtande fram. Eg blei nok lit satt ut, men eg tok tid til å be for han. Da eg snakka med han senere, fortalde han at det skjedde noko spesielt med han den kvelden. Slike ting går på djupet.

Mitt bilde av min egen far skiljer seg nok ikkje veldig frå det dei fleste har. Far min har gjort så godt han kunne. Noko fekk han til, andre ting fekk han ikkje til. Men han var der, i alle fall. Det såg eg nok ikkje betydninga av då. Men eg har forstått det seinare, at foreldre kan være svært så ufullkomne, men det at dei er til stades, betyr enormt mykje. At dei har tid.

Den siste tida har Tim McGraw si plate Southern voice rulla og gått i bilen min. Han har også fleire songar om dette emnet, fedre som sviktar og forsvinn, og barna som må bære konsekvensane. Her er for eksempel en del av teksten fra You had to be there:

He sat down, picked up the phone and said: Boy, I'm your old man. 
He touched the glass between the two, as if to shake his hand 
The boy he didn't budge, not even so much as a blink 
The man said: oh come on, better late than never, don't ya think. 

He said: I read it in the paper, can't believe you're 21, 
I can't believe some son of mine could do the things I hear you've done. 
He went on like some big hero, who flew in to save the day 
And the boy said: if your here, to steer me right, man, its too late 

You had to be there, and I'm talkin from from day one. 
That's the only time a man should talk through glass to his new son 
And you'd have to go back, and teach me how when I was nine 
Cause my mama couldn't throw a ball even if she had the time. 
I should have been learning how to fish, instead of learning how to smoke. 
I bet if you'd of whoopped my tail, I'd never thought it was a joke 
He said sometimes the will for doing wrong is way too strong for any mama's prayers 
You had to be there. 

Han avslutter plata med den gripande I love you, goodbye, som fortel at det er rom for forsoning og tilgivelse også når ein har blitt svikta og forlatt. Ta deg tid til å høyre på denne!

lørdag 17. november 2012

På konsert med Marit

Etter å ha vært på turné i ti måneder i inn- og utland, valgte Marit Larsen og hennes musikere å avslutte det hele med en fredagskveld i Stryn. Konserten var nesten helakkustiusk, bare noen få innslag av litt elgitar var unntaket, og det ble en trivelig kveld i kulturhuset for de som hadde funnet veien. Og det var ikke altfor mange. Det så artisten ikke ut til å bry seg nevneverdig om, hun smilte og lo og virket kjempefornøyd. Nesten så hun virket litt som en fnisete tenåring fortsatt, slik hun var da hun ble kjent gjennom superduoen M2M.

Selv har jeg ikke noe spesielt forhold til Marit Larsens musikk, og det var ikke mange sanger jeg kunne synge med på. Bare på et par refrenger kunne jeg teksten sånn noenlunde. Lyden var heller ikke den aller beste. Likevel koste jeg meg skikkelig. Det er flott å høre på artister og musikere som både er kreative og nyskapende, og ikke minst dyktige på instrumentene sine. Trioen bestod, ved siden av artisten selv som viste at hun var like dyktig på både gitar og piano, cellisten Kaja Pettersen og mulitstrengeinstrumentalisten Marius Graff.

Marit Larsen var superkjendis i perioden hun spilte i tenåringsbandet M2M samen med Marion Ravn. Selv skjønte jeg hvor populære bandet var en gang jeg dro med fly i Russland. Inniblant merkverdig russisk popmusikk på skjermene i flyet, kom plutselig Don't save me med det norske tenåringsbandet. Samme låt var for øvrig en av låtene Marit Larsen framførte på konserten. Men siden M2M-tiden har hun bevist at hun står fjellstøtt på egne bein. Det var mange høydepunkter på konserten, ikke minst fordi både cello, banjo og mandolin er blant mine favorittinstrumenter  I tillegg til hennes egne låter fant hun også plass til låter av Gillian Welch, og Erik Byes kjente Vår beste dag var ekstranummer. Mange av hennes egne låter kjenner jeg ikke navnet på (men jeg planlegger å ta meg tid til å høre dem flere ganger på Spotify). Uansett var kanskje høydepunktet da hun framførte sin kanskje beste sang Under the surface uten annet akkompagnement enn sitt eget pianospill.

Alt i alt en flott konsertopplevelse fra en dyktig og kreativ artist.

søndag 4. november 2012

Rolling home......



Kvar gong Jesu namn eg nemner
ser eg kvite segl mot sky.
Høgt velsigna skuta stemner
mot Jerusalem, det ny.
Ankre der, ankre der,
høgt velsigna gå 
med landlov,
gå med landlov høgt velsigna
inn i livsens morgongry.

Kvar gong Jesu namn kjem til meg,
kjenner eg hans broderhand,
og eg veit at alt han vil meg
er å lose meg i land
til den stad, til den stad,
staden som på berget lyser
høgt på berget der han lyser
mot den gylne himmelrand.

Namnet Jesus, fullt av nåde,
denne enkle sjømannssong
dikta er i havsens våde
på ei einsam vakt ein gong.
Rolling home, rolling home,
heim frå sjø og stride stormar,
mønstre av til evig landlov,
mønstre av frå naud og trong.
(Jakob Sande)


lørdag 3. november 2012

Medmenneske

Ho stal seg ut i kammerse. Der hørte ho Håkon sov. Han måtte ha vaka lenge i natt når han sov slik. Der hørte ho Hallvard, slik sov han. - Enno seier eg ikkje farvel her, tenkte ho. Då Håkon kom ut i kjøkene, lest ho som ho ikkje kom i hug nokon ting særskilt. Ho fortalde ho hadde vore hos hestane, og fresta å få tak i auga hans. Dei var ikkje å finne i dag, dei heldt seg langt unda henne. - Ja, sa ho med ein liten lått, enno har eg ikkje rømt huse, som du ser.

Han sat og såg fram i tomromme, med brunene høgt oppe, og gjorde som han blistra. - Og ikkje rømmer eg, heller, la ho til. For så smått trur eg ikkje om deg, Håkon, at det skulde vera naudsynt.

Då endelig fanga ho auga hans og da først såg ho kva det vilde seie at ho hadde teke liv. Visst hadde det vore djupt å sjå ned i dei før og. Det hadde røynt på. Men ho stod da på faste landet med ho såg ned i botnløysa, det var berre å tåle det. For Håkon var det avgrunnen og helvete som hadde opna seg under han, det var live som hadde rømt frå han. Der for noko som likna ein hånsmil over andlete hans, men auga ropa på henne ut frå yttaste mørket og klaga seg. Måle hans var tørt og trøytt: - Du ser visst kva du skal gjera.

Olav Duun