søndag 4. november 2012

Rolling home......



Kvar gong Jesu namn eg nemner
ser eg kvite segl mot sky.
Høgt velsigna skuta stemner
mot Jerusalem, det ny.
Ankre der, ankre der,
høgt velsigna gå 
med landlov,
gå med landlov høgt velsigna
inn i livsens morgongry.

Kvar gong Jesu namn kjem til meg,
kjenner eg hans broderhand,
og eg veit at alt han vil meg
er å lose meg i land
til den stad, til den stad,
staden som på berget lyser
høgt på berget der han lyser
mot den gylne himmelrand.

Namnet Jesus, fullt av nåde,
denne enkle sjømannssong
dikta er i havsens våde
på ei einsam vakt ein gong.
Rolling home, rolling home,
heim frå sjø og stride stormar,
mønstre av til evig landlov,
mønstre av frå naud og trong.
(Jakob Sande)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar