mandag 28. oktober 2013

Ein hyllest til Magne Hoseth

Eg har jo skrive ein del innlegg om dustete og barnslige idrettsfolk  med ein skiløpar frå Trøndelag som det beste eksempelet. Men heldigvis fins det idrettsfolk som kan overraske positivt, ikkje berre med sine prestasjonar, men også med det dei seier. I dag er det Magne Hoseth det handlar om.

Då den 18-årige nordmøringen slo gjennom med eit brak og sende lille Molde til Champions League i 1999, var vel grunnlaget lagt for eit ego som var i største laget for Averøya, og for Molde og. Det vart ikkje betre av at mannen elska å kle seg med dyre designerkle og uttale seg med ganske stor sjølvtillit  Landslagsplass, proffkontrakt i Danmark og kjendisstatus var dei neste stega på vegen mot himmelen.

Men så skjedde det noko. Mannen spelte dårlige landskampar, mista plassen på laget, kom heim til Noreg og etterkvart heim til Molde igjen. Og i denne prosessen framstod Magne Hosteh som ein ny mann som hadde mykje viktig å seie. Farmleis med ein fantastisk skudd- og pasningsfot som overgikk dei fleste. Men like mykje som ein talsmann, eit forbilde. Som hadde sjølvironi. Som viste storsinn. Og som turte ta bladet fra munnen og snakke om viktige ting.

Av TV2 sin mann Davy Wathne blei han hylla som ein fanebærer av Fair Play etter at han unnskyldte ein linjemann som dumma seg ut. Han tok eit betimelig oppgjør med hetsen som kvar veke blir slengt mot spelarane av stadig yngre tilskodarar. Han har engasjert seg mot mobbing også ellers. Stor sjølvironi og latter vart resultatet då han fortalde at han ikkje hadde oppfatta at motstandarlaget hadde fått ein mann utvist heilt i starten av ein kamp mot Brann. No sist stod han gråtande fram på tv etter toppkampen mot Rosenborg og fortalte om sin kreftsjuke kjæreste.

Kanskje var det hendelsen der Hoseth vart vitne til at ein tilskodar fall ned frå tribuna og døydde som skapte denne endringa hos Hoseth. I alle fall er eg glad for at vi har førebilete innanfor idretten og. Som er ein fantastisk fotballspelar. Og eit reflektert menneske. Med eit flott namn ;)

søndag 27. oktober 2013

KRLE - ei oppfølging

Svært få av mine innlegg har fått så stor merksemd som det forrige innlegget mitt om at den nye regjeringa vil endre religionsfaget i skulen frå RLE til KRLE. Dei fleste reaksjonane var positive, og eg valde å legge ut innlegget mitt på Verdidebatt.no , som eg av og til gjer med nokre av innlegga mine. Responsen her var ein heil anna. Eg registrerer at dette spørsmålet skaper sinne hos mange, og eg registrerer at ønsket mitt om ein fordomsfri debatt ikkje vart oppfylt i særleg stor grad. Eg blir framleis oppgitt over korleis enkelte oppfattar dette som "overgrep" eller "middelaldersk" eller "bakstreversk". Dersom det er å gå bakover i tida, er det i så fall ikkje med meir enn fem år. 

Eg registrerer tre argument som går igjen mot denne nye endringa. Eg opplever ikkje at nokon av desse argumenta er spesielt gode, og eg skal fortelje kvifor. For det første handlar det om desse 55% som skal brukast til å undervise om kristendom, og at det dermed berre blir igjen 45 % til alle dei andre religionane, livssyn og etikk. For meg er ikkje dette hovudsaka, men eg meiner samstundes at denne delinga ikkje er urimeleg på nokon måte. Av dei store verdsreligionane, er det stort sett berre kristendom og islam dei fleste av oss kjem til å behøve ein inngåande kjennskap til. Dette betyr ikkje at ein ikkje skal lære om dei andre, men det er ikkje naturleg å bruke like mykje tid til dette. Etikk er viktig, men mykje av etikken kan knytast til religionar, så mykje av etikken vil kome innanfor dei 55%. Når det gjeld livssyn, er mykje av verksemda her knytt til eit samfunn, Human Etisk Forbund. Så skal ein sjølvsagt lære om etiske modellar og aktuelle filosofar. Eg kan likevel ikkje gå med på at ein treng meir enn 45% av tida til dette. Så kan eg jo og minne om at då det vart gjort ei innstilling om denne delinga, vart det også forutsett at timetalet i faget skulle aukast.

For det andre handlar det om at enkelte meiner at ein på nytt vil få rettsaker og dommar mot den norske staten  slik ein fekk mot KRL-faget. Reelt nok vart det nevnt at prosentdelinga var problematisk, og at dette kunne oppfattast som ei kvalitativ skilnad. Men namnet på faget var aldri eit argument. Hovudproblemet var at faget var knytt til skulen sin kristne formålsparagraf. Dette var hovudgrunnen til dommane mot faget. Utan denne, er eg heilt sikkert på at ingen ville gitt dei klagande medhold. Difor trur eg heller ikkje på at slike klager vil få medhald no, med ei presiseringa av kvantitativ og ikkje kvalitativ skilnad på religionane.

Debatten på NRK i etterkant av mitt forrige innlegg, var slik som desse debattane brukar å være. Til å representere dei kristne, hadde dei hanka inn artisten Kjell Elvis, som knapt kan vere spesielt representativ for kristne i Noreg. Avtroppande kunnskapsminister Kristin Halvortsen sitt hovudpoeng var følgande: Vi treng ikkje ein ny debatt, ein runde til om dette spørsmålet. Og her er vi ved det tredje argumentet, og etter mitt syn det viktigaste. For når KRL-faget vart innført i 1997, kom det etter ein brei fagleg og politisk debatt. Utval vart sett ned, rapportar vart skrivne. Då RLE-faget ersatta KRL i 2008, skjedde dette heilt utan debatt. Departementet avgjorde at slik skulle det være. Grunnen var dommane mot faget.

Så er det sjølvsagt sant at ein måtte gjere noko etter dommane. Men kva ein skulle gjere vart aldri debattert. Som nevnt, er eg overbevist om at det hadde vore nok å fjerne den kristne formålsparagrafen. I tillegg fjerna dei K-en frå namnet, slik at vi hausten 2008 altså for første gang sidan 1789 hadde skulestart utan eit kristendomsfag på timeplanen. Så kan ein seie at namnet meir er eit symbol, men at det er eit kraftig symbol er det ingen tvil om. Meir dramtisk var endringane i faget sitt innhald som vart innført. Eg siterer frå semesteroppgåva mi:

Dersom vi samanliknar læreplanane i KRL frå 2005 og RLE i 2008, er det nokre viktige skilnader. Referansen til paragraf 2 i grunnlova er fjerna. Ein annan viktig skilnad er at formuleringa ”personlig utvikling og bevissthet om egen identitet” er borte. Linken til menneskerettane er meir markert, det same er ord som objektiv, kritisk, pluralistisk, saklig og upartisk. Teksten om at religionar og livssyn skal presenterast ut frå sin eigenart, er fjerna.

Med andre ord vart faget endra frå eit identitets- og dialogfag til eit reint informasjonsfag. Utan ein debatt. Det er denne debatten eg hadde håpa vi kunne få no.

onsdag 2. oktober 2013

Fra RLE til KRLE

Eit av punkta i avtalen om den nye regjeringsdanninga som vart lagt fram på mandag, handlar om at ein igjen vil endre namnet på religionsfaget i skulen, frå RLE til KRLE, i tillegg til at kravet om minst 55% kristendom i faget blir gjeninnført. Det begynner å bli ein del bokstavar etterkvart, og det er tydeleg at dette har vore ei viktig symbolsak i soneringane forut for den nye regjeringsdanninga. Etter at nyheita vart kjend, har rekasjonane kome, forutsigbart nok. Human-Etisk forbund kjem med eit av sine klassiske melodramatiske ramaskrik, og Jens Brun Pedersen fresar mot vedtaket og meiner at ein likegodt kan tvangsdøype alle norske barn. Dagbladet har, ikkje uventa, gått i spissen for å formidle reaksjonane, og skrive fleire artiklar om saka Dagbladets redaktør John Olav Egeland kallar vedtaket bakstreversk og respektlaust.

Eg skulle kanskje ikkje bry meg, men eg blir likevel ganske oppgitt over desse reaksjonane. Først og fremst fordi ein legg så stor betydning i noko som ikkje vil skape noko stor endring i faget. Rammene og innhaldet i faget står fast. Det er sjølvsagt ikkje snakk om at kristendommen skal "prioriterast" slik som det blir sagt, ei heller er det snakk om at kristendommen skal forkynnast eller formidlast som betre eller meir utvikla enn andre livssyn. I praksis er alle lærebøkene i faget lagt opp med ei overvekt av tema innanfor kristendom. Faktum er at det har vore så hyppige endringar i faget, at ein ikkje har rekke å lage så mange nye lærebøker etterkvart. Dei fleste av desse er relativt like lærebøkene som kom i 1997, då KRL-faget vart innført. Dette er ei symbolsak for Krf, som dei andre partia, klokeleg nok, ikkje såg noko stort poeng i å lage bråk om.

Eg er samstundes oppgitt over at det ser ut som veldig mange ser på religion og å lære om religion som noko negativt og farleg. Det er vanskeleg å tolke reaksjonane annleis. Faget er per i dag redusert til eit reint informasjonsfag, der det berre skulle mangle om ein ikkje vart betre informert om kristendommen enn dei andre religionane, sidan denne religionen har spelt ei så stor rolle i vår historie og kultur. Eg undrar meg stort over at ikkje dette er sjølvsagt. Så er det sjølvsagt også å lære om andre religionar, sidan vi i stadig større grad kjem i kontakt med menneske frå andre religionar. Faget bør handle om identitet og dialog, slik som var meninga i 1997. Men dommane fra menneskerettsdomstolen førte til ei panisk fjerning av alt som kunne lukte av ei prioritering av kristendommen. Difor vart også namnet endra.

Så seier jo nokon at no vil vi få nye søksmål mot staten. Og det kan godt hende. Men eg tvilar sterkt på at slike vil nå fram no. Mykje av årsaka til at søksmåla nådde fram før, var koblinga mellom faget og paragrafen i grunnlova som påbaud alle å oppdra barna i den kristne tru, samt skulen sin kristne formålsparagraf. Desse  er no endra, og problemet er borte. At ein får meir informasjon om kristendom enn andre religionar, kan umulig være eit overgrep. I så fall er det heilt meiningslaust.

Eg synes det er bra og spennande at nokon tør å reversere ei utviklinga som har gått berre ein veg. Og dette veit eg litt om sidan eg i vår skreiv semesteroppgåve på masterstudiet mitt om utviklinga av religionsfaget sidan starten. Det faget som vi har hatt sidan 2008 har vore blodlaust, uinteressant og politisk korrekt. Sjølv miner eg at ein må gå lenger i reverseringa, og nærme seg slik faget var tenkt i 1997. At det bør handle om å kjenne sin eigen identitet og kultur grundig og godt, at ein kan lære å sjå på både sin eigen og andre sin religion som ein ressurs i staden for eit problem, og at ein dermed kan bli menneske som både er trygg på sin eigen identitet og inkluderande over for dei som har ein heilt anna.

Ein kan snakke om tre typar av religionsundervisning. Den gamle typen, opplæring i og til ein religion, er det få som ønskjer seg tilbake til. Det er kyrkja si oppgåve å drive trusopplæring, ikkje skulen si. Den andre typen, informasjon om religionar, er den vi har i dag. Men vårt fag manglar totalt den tredje dimensjonen, som er framtredande i religionsundervisninga i fleire andre land, mellom anna Storbritannia. Dette er læring av religionane. Med andre ord: Kva kan vi lære av religionane? Korleis kan religionane være ein ressurs? Kva slags etikk og moral kan vi finne i religionane som kan anvendast i dag? Element av dette fantes i det gamle KRL-faget, men har vorer fråværande i læreplanen for RLE.

Eg håpar på at vi får ein levande og open debatt, utan karikaturar av andre sine ståstader og ei meir open haldning hos alle til at religion kan vere noko som framleis kan bidra positivt til samfunnsutviklinga. NRK1 skal ha debatt om saka i morgon. Men eg fryktar at debatten ikkje blir heilt slik som eg skulle ønskje.


En politisk analyse - dagen derpå

Då avtalen mellom dei fire partia på "borgarleg" side ble lagt fram i går, satt ordet historisk ganske laust. -Dette var ein historisk avtale, vart det sagt. Og på sett og vis var det jo det, all den tid Framstegspartiet vart tatt inn i varmen på denne måten. Eigentleg er det historisk det vi har sett sidan århundreskiftet: At dei radikale partia på fløyane begge no har vore i regjering, er noko vi ikkje har sett sidan samlingsregjeringa etter andre verdskrigen. Det kan sjå ut som vi har hatt ei rørsle mot meir ytterleggåande politikk.

Men dette er nok mest på utsida. Fakta er at dei partia som er mest vant til å stå på utsida og klage, no har kvitta seg med sine mest ekstreme synspunkt og blitt stovereine. I det store og heile merkar dei fleste av oss liten skilnad på om det er SV eller Frp som sit i regjeringa. Å styre landet handlar mest om å administrere og håpe på at landet styrer seg sjølv. Vi ser og har sett ei klar endring i det politiske landskap dei siste åra. Likevel heng dei gamle forestillingane om ei "sosialistisk" og ei "borgarleg side i politikken att.

Omgrepa heng saman med framveksten av arbeidarrørsla, og er i fremste rekke marxistisk tankegods. Trass i dette, ser vi at omgrepa blir brukt av begge sider. For folk flest er det kanskje godt å kunne setje namn på dei ulike sidene, men faktum er at det er Høgre og Arbeidarpartiet som stemmer mest likt i Stortinget. Dei store ideologiske skiljelinjene har blitt meir og meir utviska etterkvart som sentrumsorienterte politikarar som Gro Harlem Brundtland og Jens Stoltenberg har site ved roret i Arbeidarpartiet.

Kjell Magne Bondevik gjorde sitt beste for å lansere eit tredje alternativ i si tid: Sentrum som politisk tyngdepunkt. Han lukkast delvis med si eiga sentrumsregjering i det som var dei beste åra i Krf si historie. Verdiar var i skotet, og partiet tok steget ut frå bedehuset og vart eit meir vidtfamnande parti. Gleda vart kortvarig. I 2001 vart partiet igjen klistra til høgresida ved den andre Bondevik-regjeringa. Sidan har det gått nedover. I sum kan ein nok seie at partiet har vore for regjeringskåte, i staden for å byggje seg opp i opposisjon. Det kan ein kanskje sjå ei endring på no? Eg tvilar likevel på særleg vekst for partiet, sidan ein no har valt å vere garantist for ei blåblå regjering.

Så kva med framtida? Eg trur at dei gamle skiljelinjene blir meir og meir uklare. Kanskje ser vi om nokre tiår at vi får ei regjering av Høgre og Arbeidaerpartiet? Slik eg ser det, er det berre SV, Frp og kanskje Høgre av partia på Stortinget som ikkje er klare sentrumsparti. Bondevik har fått tyngdepunktet sitt, men ikkje ved at sentrumspartia har blitt større, men ved at alle partia har bevega seg mot sentrum. Då meiner eg og at landet bør ha ei sentrumsbasert regjering, utan fløypartia. Det er her det politiske tyngdepunktet bør ligge. Kanskje bør politikarane i større grad vere realitetsorientert i staden for å fokusere på gamle skillelinjer mellom klassar.

Dei neste åra vil vi sikkert sjå ei ny regjering som startar med friskt mot, for etterkvart å møte kritikk og fallande oppslutning. Sjølv håpar eg på ei samling i det reelle sentrum fram mot neste val, der Krf og Senterpartiet kan lage ein avtale med Arbeidarpartiet om regjeringssamarbeid etter neste val. Venstre? Eg er i tvil. Endå meir i tvil vart eg då eg såg dokumentavtalen som vart lagt fram i går. Der manglar Venstre si underskift i eit spørsmål. I eit spørsmål som er og skal vere eit av dei viktigaste for Krf.