søndag 27. oktober 2013

KRLE - ei oppfølging

Svært få av mine innlegg har fått så stor merksemd som det forrige innlegget mitt om at den nye regjeringa vil endre religionsfaget i skulen frå RLE til KRLE. Dei fleste reaksjonane var positive, og eg valde å legge ut innlegget mitt på Verdidebatt.no , som eg av og til gjer med nokre av innlegga mine. Responsen her var ein heil anna. Eg registrerer at dette spørsmålet skaper sinne hos mange, og eg registrerer at ønsket mitt om ein fordomsfri debatt ikkje vart oppfylt i særleg stor grad. Eg blir framleis oppgitt over korleis enkelte oppfattar dette som "overgrep" eller "middelaldersk" eller "bakstreversk". Dersom det er å gå bakover i tida, er det i så fall ikkje med meir enn fem år. 

Eg registrerer tre argument som går igjen mot denne nye endringa. Eg opplever ikkje at nokon av desse argumenta er spesielt gode, og eg skal fortelje kvifor. For det første handlar det om desse 55% som skal brukast til å undervise om kristendom, og at det dermed berre blir igjen 45 % til alle dei andre religionane, livssyn og etikk. For meg er ikkje dette hovudsaka, men eg meiner samstundes at denne delinga ikkje er urimeleg på nokon måte. Av dei store verdsreligionane, er det stort sett berre kristendom og islam dei fleste av oss kjem til å behøve ein inngåande kjennskap til. Dette betyr ikkje at ein ikkje skal lære om dei andre, men det er ikkje naturleg å bruke like mykje tid til dette. Etikk er viktig, men mykje av etikken kan knytast til religionar, så mykje av etikken vil kome innanfor dei 55%. Når det gjeld livssyn, er mykje av verksemda her knytt til eit samfunn, Human Etisk Forbund. Så skal ein sjølvsagt lære om etiske modellar og aktuelle filosofar. Eg kan likevel ikkje gå med på at ein treng meir enn 45% av tida til dette. Så kan eg jo og minne om at då det vart gjort ei innstilling om denne delinga, vart det også forutsett at timetalet i faget skulle aukast.

For det andre handlar det om at enkelte meiner at ein på nytt vil få rettsaker og dommar mot den norske staten  slik ein fekk mot KRL-faget. Reelt nok vart det nevnt at prosentdelinga var problematisk, og at dette kunne oppfattast som ei kvalitativ skilnad. Men namnet på faget var aldri eit argument. Hovudproblemet var at faget var knytt til skulen sin kristne formålsparagraf. Dette var hovudgrunnen til dommane mot faget. Utan denne, er eg heilt sikkert på at ingen ville gitt dei klagande medhold. Difor trur eg heller ikkje på at slike klager vil få medhald no, med ei presiseringa av kvantitativ og ikkje kvalitativ skilnad på religionane.

Debatten på NRK i etterkant av mitt forrige innlegg, var slik som desse debattane brukar å være. Til å representere dei kristne, hadde dei hanka inn artisten Kjell Elvis, som knapt kan vere spesielt representativ for kristne i Noreg. Avtroppande kunnskapsminister Kristin Halvortsen sitt hovudpoeng var følgande: Vi treng ikkje ein ny debatt, ein runde til om dette spørsmålet. Og her er vi ved det tredje argumentet, og etter mitt syn det viktigaste. For når KRL-faget vart innført i 1997, kom det etter ein brei fagleg og politisk debatt. Utval vart sett ned, rapportar vart skrivne. Då RLE-faget ersatta KRL i 2008, skjedde dette heilt utan debatt. Departementet avgjorde at slik skulle det være. Grunnen var dommane mot faget.

Så er det sjølvsagt sant at ein måtte gjere noko etter dommane. Men kva ein skulle gjere vart aldri debattert. Som nevnt, er eg overbevist om at det hadde vore nok å fjerne den kristne formålsparagrafen. I tillegg fjerna dei K-en frå namnet, slik at vi hausten 2008 altså for første gang sidan 1789 hadde skulestart utan eit kristendomsfag på timeplanen. Så kan ein seie at namnet meir er eit symbol, men at det er eit kraftig symbol er det ingen tvil om. Meir dramtisk var endringane i faget sitt innhald som vart innført. Eg siterer frå semesteroppgåva mi:

Dersom vi samanliknar læreplanane i KRL frå 2005 og RLE i 2008, er det nokre viktige skilnader. Referansen til paragraf 2 i grunnlova er fjerna. Ein annan viktig skilnad er at formuleringa ”personlig utvikling og bevissthet om egen identitet” er borte. Linken til menneskerettane er meir markert, det same er ord som objektiv, kritisk, pluralistisk, saklig og upartisk. Teksten om at religionar og livssyn skal presenterast ut frå sin eigenart, er fjerna.

Med andre ord vart faget endra frå eit identitets- og dialogfag til eit reint informasjonsfag. Utan ein debatt. Det er denne debatten eg hadde håpa vi kunne få no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar