tirsdag 30. desember 2014

Masteroppgåva

Jobbmessig har det siste året vore svært så oppstykka. Eg er no i gang med min tredje lærarjobb i år, og forhåpentlegvis vil det neste året gir meir kontinuitet og større ro. Det om har bunde det siste året saman for meg, har vore arbeidet med masteroppgåva mi. Den fekk etterkvart tittelen "Frå helgingsrørsle til marknadsrørsle? - endringar i pinserørsla sidan 1977". Å skrive masteroppgåva har vore kjekt, rett og slett, fordi eg har fått mulighet til å sjå i eit større perspektiv, eit utanfråperspektiv, den rørsla som eg har levd i gjennom heile livet mitt. Så har det vore slitsomt samstundes, fordi mykje av det eg skriv om er ting eg helst vil legge bak meg.

Fokuset i oppgåva mi har vore å sjå rørsla i møte med ei ny tid med nye tankar og idear. Slik har eg prøvd å sette meg inn i kva som kjennetikner den tida vi lever i, ikkje minst med tanke på kva plass religion har i vårt postmoderne samfunn. Sekularisering har vore det viktigaste omgrepet i arbeidet, og det er tydeleg at sekularisering har prega også den rørsla eg har skildra. Det å skulle prøve å forstå tida ein lever i, er vanskelegare enn å forstå fortida, men også endå meir spanande. Eg vil difor i nokre innlegg framover sjå litt på kva som kjenneteikner denne tida, og kva slags mottrekk som kan gjerast for å snu det eg ser på som ei dårleg utvikling. Eg vil også sitere delar av oppgåva mi som handlar om sekularisering og analyser av tida vi lever i.

Men først vil eg skrive litt om kvifor eg for første gong sidan det året eg vart, fødd, ikkje lenger er ein ein del av pinserørsla. Meir om det i neste innlegg.


mandag 8. desember 2014

Sidan sist

Det har ikkje skjedd så mykje på denne bloggen det siste halve året. Det handlar mest om at eg har fått dekka behovet for å skrive gjennom arbeidet med masteroppgåva mi. No er den levert, og dersom det går etter planen, får eg ein god karakter og kan kalle meg lektor.

Det er ingen tvil om at avgjerda om å slutte som lærar og begynne å studere igjen, hadde mest bakgrunn i at det å vere i denne jobben rett og slett vart for krevande. Å vere lærar er verdens beste jobb og verdens verste. Når det blir for mykje av det siste, er det vanskeleg å finne motivasjon til å halde fram. Når eg no igjen skal attende til fulltids lærarjobb, er det med eit håp om at vidaregåande skal passe meg betre. Men også med ei frykt om at det ikkje skal gjere det.

Arbeidet med oppgåva har vore både spennande og utfordrande, på meir enn ein måte. Å skrive om pinserørsla, har også vore å skrive om seg sjølv og sin arv. Det har vore godt å kunne sjå utanfrå det eg har sett innanfrå tidlegare. Og då ser ein også ting annleis. Eg kjem nok på bloggen framover til å skrive litt om det eg har funne ut i prosessen med å skrive om pinserørsla. Samstundes som eg har site lange ettermiddagar og lese og skrive, har eg det siste halve året vore tilbake i ungdomsskulen. Og følt på det same verdens beste og verste-paradokset som så mange lærarar opplever.

Blant høgdepukta denne sommaren og hausten har vore dei mange naturopplevingane i form av toppturar til fjells. Bilete er frå den lengste av dei, til Skarsteinsfjellet på 1566 moh. Så sliten har eg aldri vore før :) Men utsikta er fin!

søndag 7. desember 2014

Øyesetra

Nabosetra vår er Øyesetra. Ho ligg omtrent på same høgde, men har ein litt brattare veg opp. Kanskje litt galskap å gå dit og vade i ankelhøg snø denne første snødagen i desember, men fine bilete vart det i alle fall frå Mariannes Canon-kamera. To sel og ein fjøs står att, det var fleire før også der. For meg var denne setra utgangspunkt for dei årlege sauesankingsdagane kvar haust. Herifra gjekk vi austover i passeleg avstand frå kvarandre for å finne sauene som var igjen i skogen. No er det mest ein mellomstasjon på vegen til Øyenibba. Setra ligg idyllisk til med ei kvie attmed, der husmannen Elling i Åsa slo graset i gamle dagar.