lørdag 20. august 2016

Moltene

Det er meldt om eit ekstra godt bærår i år, og etter det eg kan forstå, stemmer dette godt. Hagen er full av bringebær, skogen er full av blåbær. Og på fjellet er det molter, mykje meir enn det eg er vant til å sjå i alle fall. Og då eg gjekk og plukka der oppe forrige helg, gjorde eg meg nokre refleksjonar om denne mest ekskulsive av bærsortar vi har her i landet. For moltene skiljer seg ut frå blåbæra og tyttebæra og alle andre bær.

Ein ting er at ein brukar plukkar dei andre bæra med plukkar, der det handlar om å raske med seg mest mogleg. I plukkaren får ein med seg mykje anna enn berre bæra, lyng og gras, mogne bær saman med umogne eller overmogne. Moltene plukkar ein ein om gangen, forsiktig løsnar ein dei frå krona dei står i. Dei som endå ikkje er mogne, strittar imot, kronblada klyngar seg til bæret og nektar å gje slepp på det. Og for å verne dei umogne bæra enda meir, har dei som styrer landet bestemt at det er straffbart å plukke umogne molter. Når bæra er mogne, brettar kronblada seg ut, som for å seie: Greit, no er eg klar. Men ver varsam.

Noko eg la merke til der oppe på fjellet, var at moltene vaks best i nordvende skråningar. Ein underleg observasjon, tenkte eg, og sjekka det når eg kom heim. Eg fann ut at det stemde, men ikkje kvifor. (Kjelde: http://www.fjellogfiske.no/linkesider/multer/multer.asp). For det er jo mest sol i dei sørvende skråningane og der det er flatt. Kvifor trekk moltene seg vekk frå sola, inn i skuggen? Kvifor likar han seg best der andre bær veks dårlegare? Er det fordi han ikkje likar den harde konkurransen om den beste jorda og det beste lyset, og heller nøyer seg med mindre for å få vere i fred? For der moltene veks, finn ein ikkje så mykje andre bær. Den likar seg best for seg sjølv.

Moltene er samstundes uføreseilege. Ein har aldri noko garanti for at du vil finne molter der ein skulle tru ein ville finne dei. Enkelte år finne ein omtrent ingen. For sjølv om moltene dreg seg attende til solfattige skråningar, vil ei einaste natt med frost totalt øydeleggje dei. Dei krev ikkje så mykje, men dei blir øydelagde når dei blir utfrosne.

Molteplukkarane er vanlegvis veldig tilbakehaldene med å avsløre kor dei beste molteplassane er hen. Moltene lar seg best finne av dei som er kjende, vande og trygge. For kanskje blir plukkarane prega av bæra dei jaktar etter. Påverka av moltene sin natur, som vare, forsiktige, tilbakehaldne. Moltene er ikkje naturens masseproduksjon. Dei er eksklusive.

Så kan ein vel tenke at også mange menneske er som moltene. Dei er ikkje alltid dei som gjer mest ut av seg, eller er enklast å forstå. Dei trivast ikkje i konkurranse om dei beste plassane. Dei kan trekkje seg attende til dei einsame plassane. Og dei er lett å fryse ut. Men om dei får trivast og vekse, er ingen så eksklusive og verdifulle som dei.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar