lørdag 10. september 2016

Ein familie av lesarar

Eg kjem frå ein familie av lesarar. Sjølv har eg alltid vore glad i å lese. Søstrene mine er glad i lese (i alle fall den eine ;)) Begge foreldra mine har vore glade i å lese, sjølv om dei ikkje les like mykje lenger. Bokhylla til tante Sigrid har eg skrive om før. Også bestefar, altså morfaren min, var glad i lese. Når foreldra mine diskuterte kva ein skulle kjøpe til han, enda ein som regel opp med ei bok.

Då eg flytta heim igjen og begynte å sjå på det som fanst her, fann eg denne boka, ei gammal utgåve av Onkel Toms Hytte. Inne i boka stod namnet B. E. Maurseth (Bottolf skreiv etternamnet med h til slutt), altså farfaren min, som døydde då han var rundt førti år. Om dette funnet kan tyde på at også han var ein leser, veit eg ikkje. Men i alle fall hadde også han bøker, i alle fall ei bok. Eg bestemte meg for å lese denne gamle boka hans. Men eg fann fort ut at dette berre var den første delen av ei bok som var ganske tjukk. Så då måtte eg kjøpe ei ny utgåve av denne klassikaren, boka som blir hevda å vere ei av dei viktigaste årsakene til at amerikanarane bestemte seg for å avskaffe slaveriet.

Så no er eg i gong. Og kan avsløre at det også vart skrive god litteratur på midten av 1800-talet. Om farfar Bottolf nokon gong fekk lese boka, får eg nok aldri vite.