søndag 10. september 2017

Gaustatoppen

Sjølv om sommaren vart annleis enn det eg hadde tenkt og planlagt, har det likevel blitt tid til nokre fine fjellturar. Utsikta frå Gaustatoppen vart nyleg kåra til Noregs finaste. Det er vel kanskje som nokon sa, at det er mest fordi det er eit fjell veldig mange har vore på. Så også denne dagen, det var eit enormt anntall menneske som tok turen, ikkje alle i like god form, men mange med godt humør. Utsikta var flott, sjølv om eg kan rekne opp ganske mange fjell med endå finare utsyn. Og vegen opp var vel kort fortalt å gå i ei enorm steinur. Så sjølv om det var trangt og dei nye fjellskoa baud på gnagsår så det heldt, vart det ein fin tur. Ikkje minst på grunn av reisefølget. Fetteren min, Fred Josef  og eg hadde god tid til å snakke om det meste, ikkje minst oppdatere oss på siste nytt frå Vesterbukt-slekta. Og vi tok altså ikkje heisen verken opp eller ned ;)











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar