tirsdag 10. oktober 2017

Aust or markom

Hyss! Er det mogeleg? Drøymer eg eller er eg verkeleg vaken? - Det regner, stilt og fint, varmt og tett, utan bråk og brak.....

Eg ligg og lyder lenge og ser gjennom glaset. Himmelen grånar meir og meir og sig inn over skogane som ein grå ullduk. Og regnet strøymer. Og spreier seg - over alle dalar, over bygd og by, vidare og vidare, ut over heile verda. Og jorda drikk med tusen tyrste munnar, drikk og laugar seg, velter seg, sym - i varmt, stilt, godt regn.

Han Jon reiser seg frå krakken, gløtter gjennom glaset, smiler, tek golvet i to steg og smyg stilt gjennom døra. Der rusla han opp til saltsteinen, set seg, tek lua av seg og nester hendene. - Det gråsprengde håret ligg fagert om den brune nakken. Han legg andletet mot himmelen, mot regnet, og eg ser at leppene rører seg stilt.....Han Jon Andersen takka Gud for regnet. Og det rører meg så eg får tårer i augo. Velsigna vere regnet! Det sløkkjer. Det svalar. Det yngjer. Det fyller jorda med ny kraft. Det gir livsens saft og sevje til døyande liv. Det drys voner som blanke dropar i den vonlause.

Vi krabbar oss ut av sengene, den eine etter den andre og stumlar ut, øre av draum, ruste av nye voner. Og vi set oss ende ned og let det regne på oss. Det trippar over hals og hovud som bittesmå snøgge føter. Det tuslar og kviskrar i gras og groe. Det sig gjennom vesterygger og skjorteermar, kitlar over huda, renn nedetter rygg og lår så ein grys og kulsar og ler.

Vi sit lenge og ser og kjenner regnet.

Sven Moren

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar