søndag 1. oktober 2017

Kyrkjenibba

Kyrkjenibba er eit av dei mange flotte fjella i Stryn. Det ligg nordaust for Stryn sentrum, i fjellområdet mellom Stryn og inste Hornindal. Turen opp er slik eg likar han, det vekslar mellom bratte parti og slake stigningar. Utsikta frå den 1400 meter høge toppen er av dei flottaste i området, uansett om ein ser vestover eller austover. Ekstra fin blir turen når ein kan køyre bil dei første bratte høgdemeterane, slik at ein fort kjem oppom skoggrensa. Sjølv om eg klarte å gå feil fleire gongar, må eg seie at dette er eit av mine favorittfjell i dette området, vel verdt ein tur.











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar