Då oldefar min kjøpte denne garden og flytta hit, følgde veslesystera Synneve med. I etableringsfasen på ein ny plass, var det nok viktig å ha fleire hender, både i barnepass og fjøsstell. Synneve levde her på garden heilt til ho døydde i 1921. Ho gifte seg aldri, men vart verande hos broren, kona Agnete og barna som vekste opp.
Synneve vart fødd 22. januar 1852 på Gausemel i Hornindal, der faren Botolv var husmann på plassen kalt "Bøen". Å vere husmann var ein ganske vanleg måte å tene til livets brød for for dei som ikkje hadde odel til eiga jord. Ein husmann fekk ein liten jordflekk han kunne drive for seg sjølv, men måtte samstundes arbeide fulltid for bonden han fekk jorda frå. Det seier seg sjølv at det vart mykje hardt arbeid for lite utbytte. Det er ikkje til å undrast på at Botolv sende Synneve med broren til Maurset. Utsiktene var så mykje betre når ein fekk sjansen til å drive sin eigen gard. Synneve var den yngste av borna til Botolv, men ho hadde hatt ei eldre syster som og heitte Synneve. Denne døydde då ho var åtte år. Fire år seinare vart ei ny Synneve fødd, og det var ikkje uvanleg at nye barn fekk namnet til avlidne sysken.
Som med dei andre kvinnene på Myra, veit eg lite om Store-Synneve. Men kallenamnet kan tyde på at ho var større enn dei fleste kvinner på denne tida. Eg har blitt fortalt at Synneve skal ha sjukna inn etter ein bærplukkingstur og at ho døydde få dagar etter. Men dette stemmer dårleg med det kyrkjeboka fortel, at ho døydde i januar. Det som er uvanleg var at dei ikkje kunne finne årsaka til at ho døydde. På dødsårsak står det berrre eit spørjeteikn.
I huset finst det nokre minne frå Synneve. Størst er den flotte kommoden du ser på biletet. Synneve vart altså 69 år gammal.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar