Viser innlegg med etiketten Hus og heim. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hus og heim. Vis alle innlegg

søndag 2. september 2018

Oppussing - nok ein gong

Då er målejobben fullført og sjølv synes eg det vart rett så fint. Sjølv om det vart spinndyrt, var det greit å ha ein lift til å gjere jobben lengst oppe. Som ein kan sjå på bileta, valde eg å ha ei dråpeform nedst på vinduslistene, mellom anna fordi det var liknande lister på huset på det eldste biletet eg har av det. For spesielt interesserte kan eg opplyse om at eg har brukt fargane Villahvit og Tunhovd.









mandag 13. november 2017

Oppussing - the neverending story

I haust er det utsida som har fått seg eit ansiktsløft. Etterisolering og ny kledning har gitt varmare rom og nye fargar. Litt maling gjenstår før jobben er ferdig - men det får vente til våren.










søndag 3. september 2017

Døden

Bilde fra forskning.no
Den siste fiende, sier apostelen Paulus om hva døden er. De fleste av oss velger, kanskje naturlig nok, å ikke forholde oss til den før vi må. Det er på en måte noe vi frykter, noe vi utsetter å tenke på, noe vi velger å ikke forholde oss til. Samtidig kommer disse øyeblikkene da vi blir konfrontert med den, enten vi vil eller ikke. Og hvordan er det å oppleve den da?

At mamma var døende, har vi vært klar over ganske lenge. I sommer ble det klart at slutten nærmet seg. Legene snakket om uker, så om dager. Hele familien samlet seg og våket over mamma de siste dagene. Tilfedighetene ville at det var jeg som satt der da det var slutt. Det var forventet at hun skulle dø, men samtidig noe man aldri kan forberede seg på, tror jeg. I alle fall opplevde jeg det sånn. Å være til stede i det øyeblikket der livet forlater kroppen. I det ene øyeblikket et levende vesen, i det andre et tomt skall. Man har funnet ut at kroppen  blir 21 gram lettere i øyeblikket livet ebber ut. 21 gram, det er altså vekten på livet.

Da øyeblikket var der, var det ikke opplevelsen av å miste henne som var sterkest. Vi hadde mistet henne gradvis over lang tid, og da hun lå der uten å kunne kommunisere med oss, var det på en måte ikke henne lenger. Det var opplevelsen av å være der i møte med et hellig øyeblikk. Noe utenfor min fatteevne, noe mye større enn meg selv. Et møte med det ukjente, med det overnaturlige. Samtidig så alminnelig, så naturlig. Og at jeg delte et av de mektigste øyeblikkene jeg har opplevd med en mer eller mindre ukjent sjukepleier, føltes også merkelig godt og naturlig.

Et menneske som bare slutter å puste. Livet her er over, og hva som skjer etterpå vet ingen av oss. Men det er fryktelig vanskelig å tro at livet bare blir borte, selv om jeg ikke har den samme skråsikkerheten på at man går rett til himmelen, slik som hun hadde selv. Er døden en fiende, slik som Bibelen beskriver det? Eller en venn som tar bort all lidelsen? Eller kanskje begge deler? Jeg er uansett glad for at jeg var der og fikk oppleve det.

søndag 13. august 2017

Minneord for mamma

Dette er minneorda eg las i kyrkja under gravferda torsdag den 27. juli.

Mamma vart fødd under krigen, som den yngste av fire søsken. Fødselen skal ha vore hard, men ho voks opp i eit samfunn og ein familie der alle måtte hjelpe til for å få endane til å møtast. Garden ho vaks opp på, låg langt frå tettbebyggelse og butikkar, ved Røssvatnet i Hattfjelldal i Nordland. Skule gjekk ho til i nabobygda Åkervik, på sommaren på beina, på vinteren på ski. Dei mørkaste vintermånadane måtte ho bu hos slektningar som budde nærare skulen.

Heilt frå ho var lita, var ho altså van til å hjelpe til heime, anten det var barnepass, dyrestell eller andre gjeremål på garden. I heimen var gudstrua sentral, og ho vart også teken med på samlingane i den lokale pinsekyrkja. Tidleg lærte ho seg også å spele gitar, og song og musikk skulle bli ein sentral del av livet til mamma. I pinsekyrkja fann ho seg også ein åndeleg heim, og ho var pinsevenn heile sitt liv.
Då ho var rundt 20 år, gjekk ho eit år på husmorvikarskule i Levanger. Det ho lærte her, fekk ho brukt i ulike engasjement i heimane rundt om i bygda der ho vaks opp. Det som likevel skulle bli den mest skjelsettande perioden av ungdomstida, var dei månadane ho arbeidde som frivillig på institusjonen til Alma Halse i Alta. Her fekk ho arbeide blant foreldrelause, sinnslidande og utstøytte, noko som skapte eit hjarte for desse som ho bar med seg resten av livet. Heilt til det siste snakka ho varmt om denne tida og om arbeidet som vart gjort der oppe.

I slutten av tjueåra vart ho kjend med han som skulle bli ektemannen hennar, min far Erling, og ho flytta etter kvart sørover, hit til Hornindal i Nordfjord. Ho gifta seg og fekk tre born. Det kunne nok vere utfordrande å flytte så langt heimanfrå, utan familie og kjende i nærleiken og til ein kultur som på mange måtar var annleis enn den ho kom i frå. Ho var veldig aktiv i å halde kontakten med familien nordpå via telefon, og dei fleste sommarferiane gjekk turen tilbake til Helgeland. Slik lærte vi barna også å bli glad i slekta og plassen der nord, og også for oss vart turane nordover høgdepunkt som vi hugsar med glede.

Også i Nordfjord fann ho seg ein åndeleg heim blant pinsevenene. Ho var med i oppstarten av pinsekyrkja Filadelfia i Stryn, ei kyrkje som ho var engasjert i til det siste. Heilt til det siste gleda ho seg når meldingane om godt besøkte møte og samlingar nådde henne, sjølv om ho sjølv hadde avgrensa moglegheit til å delta i desse den siste tida.

Mamma hadde mange gode eigenskapar. Ho var tolmodig og uthaldande, og klaga sjeldan. Ikkje minst hugsar vi godt korleis ho utretteleg jobba for å vekke morgontrøytte tenåringar som skulle på skulen. Ho var hjelpsam og hadde som sagt eit sterkt engasjement for dei utslåtte. Ho var ei relativt stille og beskjeden dame, og likte seg best heime. Ho hadde ein enormt sterk hukommelse, ikkje minst på å hugse songar og tekstar. Sjølv er eit av dei første minna eg har, at mamma song «Lillebrors vise» for meg på sengekanten. Med alle versa, sjølvsagt. Song og musikk var i det heile noko av det viktigaste for henne, og heilt til det siste kunne ho spele og synge både for seg sjølv og for andre, også den siste tida der ho budde på omsorgssenteret. Hukommelsen kunne også gjelde små episodar frå tidlegare. Nokre gongar kunne ho kome på slike, og bli sittande og le for seg sjølv lenge og vel. For humoren var også viktig for henne, og noko ho hadde med seg nordfrå i rikt monn. Nokre gonger, når ho snakka med søstera si på telefon, vart det ikkje sagt så mange ord. Det var mest berre latter.

I barndommen vår var mamma ei som alltid var til stades for oss barna. I det heile tatt var ho glad i barn, spesielt dei minste. Mamma opplevde etter kvart å få seks barnebarn, og det var alltid eit høgdepunkt når dei kom på besøk. Ho likte å tulle og leike med dei små, og ho var ei som heile tida bevarte barnet i seg sjølv.

Etter kvart som vi barna vaks opp og vart større, gjekk ho ut i arbeidslivet, og arbeidde som dagmamma, vaskehjelp og heimehjelp. Dette trivdes ho godt med, og også etter at ho vart pensjonist heldt ho fram ei stund med dette.

I 2012 fekk mamma kreftdiagnosen. I dei neste fem åra skulle ho bli operert to gonger, og gå gjennom fleire rundar med cellegiftbehandling og strålebehandling. Til slutt måtte likevel kroppen gi etter for sjukdomen og onsdag i førre veke døydde ho, 75 år gammal. Vi lyser fred over minnet.

søndag 16. oktober 2016

Nytt tak

Oppussinga held fram, og i sommar har eg fått nytt tak på heile huset.













lørdag 10. september 2016

Ein familie av lesarar

Eg kjem frå ein familie av lesarar. Sjølv har eg alltid vore glad i å lese. Søstrene mine er glad i lese (i alle fall den eine ;)) Begge foreldra mine har vore glade i å lese, sjølv om dei ikkje les like mykje lenger. Bokhylla til tante Sigrid har eg skrive om før. Også bestefar, altså morfaren min, var glad i lese. Når foreldra mine diskuterte kva ein skulle kjøpe til han, enda ein som regel opp med ei bok.

Då eg flytta heim igjen og begynte å sjå på det som fanst her, fann eg denne boka, ei gammal utgåve av Onkel Toms Hytte. Inne i boka stod namnet B. E. Maurseth (Bottolf skreiv etternamnet med h til slutt), altså farfaren min, som døydde då han var rundt førti år. Om dette funnet kan tyde på at også han var ein leser, veit eg ikkje. Men i alle fall hadde også han bøker, i alle fall ei bok. Eg bestemte meg for å lese denne gamle boka hans. Men eg fann fort ut at dette berre var den første delen av ei bok som var ganske tjukk. Så då måtte eg kjøpe ei ny utgåve av denne klassikaren, boka som blir hevda å vere ei av dei viktigaste årsakene til at amerikanarane bestemte seg for å avskaffe slaveriet.

Så no er eg i gong. Og kan avsløre at det også vart skrive god litteratur på midten av 1800-talet. Om farfar Bottolf nokon gong fekk lese boka, får eg nok aldri vite.

søndag 1. mai 2016

Meir oppussing

Då er to soverom til ferdig oppussa. Det betyr at eg er ( meir eller mindre) ferdig med den gamle delen av huset innvendig (huset vart påbygd i 1972/73). No forsvann også den siste av dei eldste stikkontaktene. Nå er det tid for å setje i gong utvendig :)















tirsdag 17. mars 2015

Ystestova

Oppussinga går framover i eit stadig rolegare tempo ;) Dette er den såkalla ystestova før og etter. Vindua vart skifta for tre år sidan, no vart taket måla og vinylgolvet rydda ut slik at det kom fram eit fint tregolv som kunne målast. Til slutt vart nye lister sett på og det elektriske oppdatert til jorda stikkontakter. Møblementet vart også litt endra.