Sommaren 1926 kom ei ny kvinne til Myra. Namnet var Anna Lødemel. Ho kom frå garden Kringla på Lødemel i Hornindal, og gifte seg med den ni år eldre Bottolf. Ho var tredve år då ho kom til Myra. Visstnok skal ho ha vore nærmast forlova med ein annan mann. Men då ho jobba som tenestejente hos slektningar i Juetdalen, skal ho ha fått hyppige besøk av odelsguten Bottolf. Og då gjekk det som det ofte gjekk, og få manader etter bryllaupet fødde ho ein son, Erling. Halvanna år seinare fekk ho og ei dotter, Sigrid. Men gleda vart snart snudd til sorg. Berre tre år fekk Anna og Bottolf saman. Han sjukna inn med mageproblemer. Det vart konstatert kreft. Bottolf vegra seg for operasjon, sidan dette nok var ein svært usikker utveg. Resultatet vart at han døydde berre 43 år gammal i 1929. Anna sjølv var heller ikkje ukjend med at mennene i livet hennar døydde altfor tidleg.
I 1901, då Anna var fem år gammal, var faren Rasmus på marknad i Stryn. Han køyrde med hest og slede som dei alltid gjorde på den tida. På vegen heim stansa han for å bli natta over hos kona sin familie i Jutedalen. Då han skulle klive ut av sleden, skal han ha falle, landa på hovudet og døydd momentant. Saman med mora og dei fem søskena sine, måtte ho no klare seg uten far sin. Heldigvis var broren Anders alt vaksen, og i stand til å drive garden vidare på Kringla. På biletet ser du dei seks søskena saman med mor og farmor, og på kleda kan det sjå ut som familien var relativt velståande. Biletet er nok teke i 1905 eller 1906. Anna står lengst til venstre på biletet.
Anna fekk ein hard start på livet, og ein enda hardare start på livet som gift kone på Maurset. I tillegg gjekk ein no inn i dei harde tredveåra. Ho skulle oppdra to små barn, samt vere familieoverhovud og drive ein gard. Svigerfaren Elling døydde to år etter mannen Bottolf, og ho var no ein av tre kvinner som måtte drive garden vidare. Dei andre to var svigermora Agnete og svigerinna Pernille.
Anna gjorde så godt ho kunne, men tidene var harde. Ein gong var situasjonen så fortvila at ho måtte gå den tunge vegen til banken for å be om eit lån. Ho måtte også gå den tunge vegen heim att med uforretta sak. Heldigvis fekk ho hjelp av den yngre broren Arent, som hadde teke over garden i Jutedalen. Ho fekk også hjelp av fleire av slektningane sine i arbeidet på garden. Også svigerinna Pernille var ei uvurderleg hjelp.
Dei tunge tidene vart gradvis lettare. Sonen Erling vart vaksen og tok over ansvaret for garden. Dottera Sigrid flytte til Drammen, men kom heim ved kvar anledning ho hadde. Anna besøkte også Sigrid i Drammen. På syttitalet gifte sonen Erling seg, huset var påbygd og Anna flytte opp i andre etasje saman med Pernille. Og det er slik eg hugsar henne.
Etter mine minne av henne, var ho ei alvorleg kvinne, som ikkje smilte mykje. Eg kan heller ikkje hugse at ho sa så mykje. Ho var glad i å veve, og vevde metervis med okle og tepper. Den store veven fylte nesten rommet der ho var. Då vi var små, fekk vi kveldsmat på det vesle kjøkkenet på loftet kvar einaste kveld. Eit av få bilete der eg og ho er saman, ser du her.
Anna døydde sommaren 1982, 86 år gammal.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar