torsdag 23. august 2012

Den nye kvardagen min

Etter å ha jobba elleve år som lærar i den norske grunnskulen i 100%, er kvardagen min no blitt heilt annleis. Eigentleg trur eg det kan vere sunt å gjere noko anna i periodar, så ein ikkje stagnerer og gror fast. Som ferdigutdanna lærar i 2001, var eg nok på ingen måte førebudd på alle dei utfordringane jobben inneheld. Utdanninga, i alle fall slik det var då, handla mest om fag og teoriar. Men dei fleste som har prøvd seg, veit at jobben først og fremst handlar om andre ting. For å vere lærar handlar like mykje om å vere ein  leiar for store grupper av menneske. Det handlar om å vere ein motivator for trøtte tenåringar. Det handlar om å vere terapeut for unge som slit med seg sjølv og verda rundt seg. Det handlar om å vere artist for dei som forventar at alt skal vere kjekt og underhaldande.Det handlar om å vere vaktmeister og halde orden i nedslitte bygg. Det handlar om å vere administrator for alt som skal gjennomførast og planleggast. Og då tenkjer eg ikkje først og fremst på prøver og tentamenar, men på henting av mjølk og frukt, rydding av klasserom, låsing av dører, passe på at elevene held seg der dei skal og ikkje gjer noko dei ikkje skal.

Lærarjobben er den beste og den verste i verda. Gjerne i løpet av same veka og jamvel same dagen. Det kan handle om faglege møte med modne og motiverte elevar som sug til seg det du prøver å formidle. Som behandlar læraren med respekt og er interesserte. Det kan handle om eit kollegium som trivs med å vere saman både på jobben og fritida. Om ei leiing som veit kva dei vil, held stø kurs og som trør til med hjelp når læraren treng det. Som tek seg tid til å sjå den enkelte tilsette og kome med konstruktiv og positiv tilbakemelding. Det kan handle om foreldre som følgjer opp barna sine og som tek seg tid til å gi positive tilbakemeldingar til læraren og sjå jobben denne gjer,

Men jobben kan og handle om det motsette. Det kan handle om ei leiing som sit på kontora sine og ikkje tek del i den enkelte lærar si verksemd i klasserommet. Som verken veit kva dei vil eller korleis dei kan nå dit. Det kan handle om foreldre som støttar barnet sitt ukritisk om denne er ueinig med læraren eller som trur dei veit betre enn læraren i det meste. Det kan handle om elevar som ikkje er interessert i anna enn seg sjølv og dei andre som er populære i klassen. Som behandlar læraren som eit rusk i auget, som eit forstyrrande element i elevens livsutfolding, og som behandlar fleirtalet av klassekameratane på same måten. Som tek seg til rette og berre gidd å følgje dei reglane dei er einige i.

I løpet av elleve år har eg sett begge sider av jobben. Det kan vere fantastisk og det kan vere grusomt. Utan å gå i detalj, opplevde eg vel at det siste året baud på litt for mykje av det siste. Så eg bestemte meg for å gå vidare. Alle snakkar jo om lærarmangel i desse tider, men å få ein tilsvarande jobb var ikkje mogleg no. Så då må ein sjå andre vegar. Og no kjenner eg at det er godt. Eg gler meg til ein ny kvardag, sjølv om det er litt skræmande å ikkje ha tryggleiken i ei god inntekt..

For det første skal eg setje meg på skulebenken igjen og studere historie fordjuping. Her skal eg få større innsikt i emne som "Norske kystsamfunn" og "Den kalde krigen". Eg har såvidt starta på pensumlitteraturen og kjenner at dette skal bli kjekt. Kanskje held eg fram til Bachelor og Master etterkvart, vi får sjå. For det andre skal eg jobbe som gitarlærar i kulturskulen to dagar i veka. For det tredje skal eg fortsette å rive og bygge på huset og garden. Målet er å bli ferdig med første etasjen i løpet av eit par månader, det er ikkje mykje att. Så held eg på å rive ein del av låven. For det fjerde har eg meir tid til å besøkje og vere saman med kjæresten min i Oslo. Det har eg heller ikkje noko imot :) Den største utfordringa denne hausten blir nok økonomien, men det skal nok gå rundt :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar