mandag 8. desember 2014

Sidan sist

Det har ikkje skjedd så mykje på denne bloggen det siste halve året. Det handlar mest om at eg har fått dekka behovet for å skrive gjennom arbeidet med masteroppgåva mi. No er den levert, og dersom det går etter planen, får eg ein god karakter og kan kalle meg lektor.

Det er ingen tvil om at avgjerda om å slutte som lærar og begynne å studere igjen, hadde mest bakgrunn i at det å vere i denne jobben rett og slett vart for krevande. Å vere lærar er verdens beste jobb og verdens verste. Når det blir for mykje av det siste, er det vanskeleg å finne motivasjon til å halde fram. Når eg no igjen skal attende til fulltids lærarjobb, er det med eit håp om at vidaregåande skal passe meg betre. Men også med ei frykt om at det ikkje skal gjere det.

Arbeidet med oppgåva har vore både spennande og utfordrande, på meir enn ein måte. Å skrive om pinserørsla, har også vore å skrive om seg sjølv og sin arv. Det har vore godt å kunne sjå utanfrå det eg har sett innanfrå tidlegare. Og då ser ein også ting annleis. Eg kjem nok på bloggen framover til å skrive litt om det eg har funne ut i prosessen med å skrive om pinserørsla. Samstundes som eg har site lange ettermiddagar og lese og skrive, har eg det siste halve året vore tilbake i ungdomsskulen. Og følt på det same verdens beste og verste-paradokset som så mange lærarar opplever.

Blant høgdepukta denne sommaren og hausten har vore dei mange naturopplevingane i form av toppturar til fjells. Bilete er frå den lengste av dei, til Skarsteinsfjellet på 1566 moh. Så sliten har eg aldri vore før :) Men utsikta er fin!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar