Mamma vart fødd under krigen, som den yngste av fire søsken. Fødselen skal ha vore hard, men ho voks opp i eit samfunn og ein familie der alle måtte hjelpe til for å få endane til å møtast. Garden ho vaks opp på, låg langt frå tettbebyggelse og butikkar, ved Røssvatnet i Hattfjelldal i Nordland. Skule gjekk ho til i nabobygda Åkervik, på sommaren på beina, på vinteren på ski. Dei mørkaste vintermånadane måtte ho bu hos slektningar som budde nærare skulen.
Heilt frå ho var lita, var ho altså van til å hjelpe til heime, anten det var barnepass, dyrestell eller andre gjeremål på garden. I heimen var gudstrua sentral, og ho vart også teken med på samlingane i den lokale pinsekyrkja. Tidleg lærte ho seg også å spele gitar, og song og musikk skulle bli ein sentral del av livet til mamma. I pinsekyrkja fann ho seg også ein åndeleg heim, og ho var pinsevenn heile sitt liv.
Då ho var rundt 20 år, gjekk ho eit år på husmorvikarskule i Levanger. Det ho lærte her, fekk ho brukt i ulike engasjement i heimane rundt om i bygda der ho vaks opp. Det som likevel skulle bli den mest skjelsettande perioden av ungdomstida, var dei månadane ho arbeidde som frivillig på institusjonen til Alma Halse i Alta. Her fekk ho arbeide blant foreldrelause, sinnslidande og utstøytte, noko som skapte eit hjarte for desse som ho bar med seg resten av livet. Heilt til det siste snakka ho varmt om denne tida og om arbeidet som vart gjort der oppe.
I slutten av tjueåra vart ho kjend med han som skulle bli ektemannen hennar, min far Erling, og ho flytta etter kvart sørover, hit til Hornindal i Nordfjord. Ho gifta seg og fekk tre born. Det kunne nok vere utfordrande å flytte så langt heimanfrå, utan familie og kjende i nærleiken og til ein kultur som på mange måtar var annleis enn den ho kom i frå. Ho var veldig aktiv i å halde kontakten med familien nordpå via telefon, og dei fleste sommarferiane gjekk turen tilbake til Helgeland. Slik lærte vi barna også å bli glad i slekta og plassen der nord, og også for oss vart turane nordover høgdepunkt som vi hugsar med glede.
Også i Nordfjord fann ho seg ein åndeleg heim blant pinsevenene. Ho var med i oppstarten av pinsekyrkja Filadelfia i Stryn, ei kyrkje som ho var engasjert i til det siste. Heilt til det siste gleda ho seg når meldingane om godt besøkte møte og samlingar nådde henne, sjølv om ho sjølv hadde avgrensa moglegheit til å delta i desse den siste tida.
Mamma hadde mange gode eigenskapar. Ho var tolmodig og uthaldande, og klaga sjeldan. Ikkje minst hugsar vi godt korleis ho utretteleg jobba for å vekke morgontrøytte tenåringar som skulle på skulen. Ho var hjelpsam og hadde som sagt eit sterkt engasjement for dei utslåtte. Ho var ei relativt stille og beskjeden dame, og likte seg best heime. Ho hadde ein enormt sterk hukommelse, ikkje minst på å hugse songar og tekstar. Sjølv er eit av dei første minna eg har, at mamma song «Lillebrors vise» for meg på sengekanten. Med alle versa, sjølvsagt. Song og musikk var i det heile noko av det viktigaste for henne, og heilt til det siste kunne ho spele og synge både for seg sjølv og for andre, også den siste tida der ho budde på omsorgssenteret. Hukommelsen kunne også gjelde små episodar frå tidlegare. Nokre gongar kunne ho kome på slike, og bli sittande og le for seg sjølv lenge og vel. For humoren var også viktig for henne, og noko ho hadde med seg nordfrå i rikt monn. Nokre gonger, når ho snakka med søstera si på telefon, vart det ikkje sagt så mange ord. Det var mest berre latter.
I barndommen vår var mamma ei som alltid var til stades for oss barna. I det heile tatt var ho glad i barn, spesielt dei minste. Mamma opplevde etter kvart å få seks barnebarn, og det var alltid eit høgdepunkt når dei kom på besøk. Ho likte å tulle og leike med dei små, og ho var ei som heile tida bevarte barnet i seg sjølv.
Etter kvart som vi barna vaks opp og vart større, gjekk ho ut i arbeidslivet, og arbeidde som dagmamma, vaskehjelp og heimehjelp. Dette trivdes ho godt med, og også etter at ho vart pensjonist heldt ho fram ei stund med dette.
I 2012 fekk mamma kreftdiagnosen. I dei neste fem åra skulle ho bli operert to gonger, og gå gjennom fleire rundar med cellegiftbehandling og strålebehandling. Til slutt måtte likevel kroppen gi etter for sjukdomen og onsdag i førre veke døydde ho, 75 år gammal. Vi lyser fred over minnet.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar