Onsdag gjorde elektrikaren seg ferdig, så det som gjenstår no er å fjerne resten av tømmerveggen, pusse brannmuren, legge veggplater, legge takplater og parkett. Blir nok ikkje ferdig heilt endå :)
torsdag 8. september 2011
Kjøkenet
Ein lang prosess med oppussing er i gong. Ser vel for meg at det kjem til å ta ein del år før det meste er slik som eg vil ha det i det gamle huset. Huset vart bygd for over hundre år sidan, var påbygd i 1973, men har ikkje vore gjort så mykje med sidan åttitalet, då det var skifta ein del tapet, panel og vindauge. No er eg altså i gang. Og som dei fleste andre, eg begynner med kjøkenet.
På biletet kan du sjå korleis det ser ut eit stykke ut i oppussinga. Heilt bak til høgre var det ei dør inn til spiskammeret. Det måtte dei ha i gamle dager, men er vel strengt tatt ikkje naudsynt lenger. Så eg stengte døra igjen og plasserer skap og skuffer der i staden. Heilt til venstre var dei også ei dør eg har stengt igjen, frå kjøkenet til gangen. Der har eg no plassert eit høgskap med micro og steikeomn. I forgrunnen ser du restar av den gamle tømmerveggen. Deler av denne blei fjerna tidlegare, no kjem eg til å fjerne heile veggen, slik at det blir ope mot stova. Heilt til høgre er det eit vindauge som eg tenkjer å byte ut i eit litt mindre.
Onsdag gjorde elektrikaren seg ferdig, så det som gjenstår no er å fjerne resten av tømmerveggen, pusse brannmuren, legge veggplater, legge takplater og parkett. Blir nok ikkje ferdig heilt endå :)
Onsdag gjorde elektrikaren seg ferdig, så det som gjenstår no er å fjerne resten av tømmerveggen, pusse brannmuren, legge veggplater, legge takplater og parkett. Blir nok ikkje ferdig heilt endå :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar