Eit av punkta i avtalen om den nye regjeringsdanninga som vart lagt fram på mandag, handlar om at ein igjen vil endre namnet på religionsfaget i skulen, frå RLE til KRLE, i tillegg til at kravet om minst 55% kristendom i faget blir gjeninnført. Det begynner å bli ein del bokstavar etterkvart, og det er tydeleg at dette har vore ei viktig symbolsak i soneringane forut for den nye regjeringsdanninga. Etter at nyheita vart kjend, har rekasjonane kome, forutsigbart nok. Human-Etisk forbund kjem med eit av sine klassiske melodramatiske ramaskrik, og Jens Brun Pedersen fresar mot vedtaket og meiner at ein likegodt kan tvangsdøype alle norske barn. Dagbladet har, ikkje uventa, gått i spissen for å formidle reaksjonane, og skrive fleire artiklar om saka Dagbladets redaktør John Olav Egeland kallar vedtaket bakstreversk og respektlaust.
Eg skulle kanskje ikkje bry meg, men eg blir likevel ganske oppgitt over desse reaksjonane. Først og fremst fordi ein legg så stor betydning i noko som ikkje vil skape noko stor endring i faget. Rammene og innhaldet i faget står fast. Det er sjølvsagt ikkje snakk om at kristendommen skal "prioriterast" slik som det blir sagt, ei heller er det snakk om at kristendommen skal forkynnast eller formidlast som betre eller meir utvikla enn andre livssyn. I praksis er alle lærebøkene i faget lagt opp med ei overvekt av tema innanfor kristendom. Faktum er at det har vore så hyppige endringar i faget, at ein ikkje har rekke å lage så mange nye lærebøker etterkvart. Dei fleste av desse er relativt like lærebøkene som kom i 1997, då KRL-faget vart innført. Dette er ei symbolsak for Krf, som dei andre partia, klokeleg nok, ikkje såg noko stort poeng i å lage bråk om.
Eg er samstundes oppgitt over at det ser ut som veldig mange ser på religion og å lære om religion som noko negativt og farleg. Det er vanskeleg å tolke reaksjonane annleis. Faget er per i dag redusert til eit reint informasjonsfag, der det berre skulle mangle om ein ikkje vart betre informert om kristendommen enn dei andre religionane, sidan denne religionen har spelt ei så stor rolle i vår historie og kultur. Eg undrar meg stort over at ikkje dette er sjølvsagt. Så er det sjølvsagt også å lære om andre religionar, sidan vi i stadig større grad kjem i kontakt med menneske frå andre religionar. Faget bør handle om identitet og dialog, slik som var meninga i 1997. Men dommane fra menneskerettsdomstolen førte til ei panisk fjerning av alt som kunne lukte av ei prioritering av kristendommen. Difor vart også namnet endra.
Så seier jo nokon at no vil vi få nye søksmål mot staten. Og det kan godt hende. Men eg tvilar sterkt på at slike vil nå fram no. Mykje av årsaka til at søksmåla nådde fram før, var koblinga mellom faget og paragrafen i grunnlova som påbaud alle å oppdra barna i den kristne tru, samt skulen sin kristne formålsparagraf. Desse er no endra, og problemet er borte. At ein får meir informasjon om kristendom enn andre religionar, kan umulig være eit overgrep. I så fall er det heilt meiningslaust.
Eg synes det er bra og spennande at nokon tør å reversere ei utviklinga som har gått berre ein veg. Og dette veit eg litt om sidan eg i vår skreiv semesteroppgåve på masterstudiet mitt om utviklinga av religionsfaget sidan starten. Det faget som vi har hatt sidan 2008 har vore blodlaust, uinteressant og politisk korrekt. Sjølv miner eg at ein må gå lenger i reverseringa, og nærme seg slik faget var tenkt i 1997. At det bør handle om å kjenne sin eigen identitet og kultur grundig og godt, at ein kan lære å sjå på både sin eigen og andre sin religion som ein ressurs i staden for eit problem, og at ein dermed kan bli menneske som både er trygg på sin eigen identitet og inkluderande over for dei som har ein heilt anna.
Ein kan snakke om tre typar av religionsundervisning. Den gamle typen, opplæring i og til ein religion, er det få som ønskjer seg tilbake til. Det er kyrkja si oppgåve å drive trusopplæring, ikkje skulen si. Den andre typen, informasjon om religionar, er den vi har i dag. Men vårt fag manglar totalt den tredje dimensjonen, som er framtredande i religionsundervisninga i fleire andre land, mellom anna Storbritannia. Dette er læring av religionane. Med andre ord: Kva kan vi lære av religionane? Korleis kan religionane være ein ressurs? Kva slags etikk og moral kan vi finne i religionane som kan anvendast i dag? Element av dette fantes i det gamle KRL-faget, men har vorer fråværande i læreplanen for RLE.
Eg håpar på at vi får ein levande og open debatt, utan karikaturar av andre sine ståstader og ei meir open haldning hos alle til at religion kan vere noko som framleis kan bidra positivt til samfunnsutviklinga. NRK1 skal ha debatt om saka i morgon. Men eg fryktar at debatten ikkje blir heilt slik som eg skulle ønskje.

Magne, interessant innlegg! Så spennende tema du har valgt til Master-oppgaven din. Jeg ville ha lagt meg til som følger, men går det ikke an? Eller???
SvarSlettMåtte dele innlegget ditt på Facebook.
SvarSlettTakk for det ;) Går det ikke an? Hmm, har jo noen følgere fra før...
SvarSlett