onsdag 2. oktober 2013

En politisk analyse - dagen derpå

Då avtalen mellom dei fire partia på "borgarleg" side ble lagt fram i går, satt ordet historisk ganske laust. -Dette var ein historisk avtale, vart det sagt. Og på sett og vis var det jo det, all den tid Framstegspartiet vart tatt inn i varmen på denne måten. Eigentleg er det historisk det vi har sett sidan århundreskiftet: At dei radikale partia på fløyane begge no har vore i regjering, er noko vi ikkje har sett sidan samlingsregjeringa etter andre verdskrigen. Det kan sjå ut som vi har hatt ei rørsle mot meir ytterleggåande politikk.

Men dette er nok mest på utsida. Fakta er at dei partia som er mest vant til å stå på utsida og klage, no har kvitta seg med sine mest ekstreme synspunkt og blitt stovereine. I det store og heile merkar dei fleste av oss liten skilnad på om det er SV eller Frp som sit i regjeringa. Å styre landet handlar mest om å administrere og håpe på at landet styrer seg sjølv. Vi ser og har sett ei klar endring i det politiske landskap dei siste åra. Likevel heng dei gamle forestillingane om ei "sosialistisk" og ei "borgarleg side i politikken att.

Omgrepa heng saman med framveksten av arbeidarrørsla, og er i fremste rekke marxistisk tankegods. Trass i dette, ser vi at omgrepa blir brukt av begge sider. For folk flest er det kanskje godt å kunne setje namn på dei ulike sidene, men faktum er at det er Høgre og Arbeidarpartiet som stemmer mest likt i Stortinget. Dei store ideologiske skiljelinjene har blitt meir og meir utviska etterkvart som sentrumsorienterte politikarar som Gro Harlem Brundtland og Jens Stoltenberg har site ved roret i Arbeidarpartiet.

Kjell Magne Bondevik gjorde sitt beste for å lansere eit tredje alternativ i si tid: Sentrum som politisk tyngdepunkt. Han lukkast delvis med si eiga sentrumsregjering i det som var dei beste åra i Krf si historie. Verdiar var i skotet, og partiet tok steget ut frå bedehuset og vart eit meir vidtfamnande parti. Gleda vart kortvarig. I 2001 vart partiet igjen klistra til høgresida ved den andre Bondevik-regjeringa. Sidan har det gått nedover. I sum kan ein nok seie at partiet har vore for regjeringskåte, i staden for å byggje seg opp i opposisjon. Det kan ein kanskje sjå ei endring på no? Eg tvilar likevel på særleg vekst for partiet, sidan ein no har valt å vere garantist for ei blåblå regjering.

Så kva med framtida? Eg trur at dei gamle skiljelinjene blir meir og meir uklare. Kanskje ser vi om nokre tiår at vi får ei regjering av Høgre og Arbeidaerpartiet? Slik eg ser det, er det berre SV, Frp og kanskje Høgre av partia på Stortinget som ikkje er klare sentrumsparti. Bondevik har fått tyngdepunktet sitt, men ikkje ved at sentrumspartia har blitt større, men ved at alle partia har bevega seg mot sentrum. Då meiner eg og at landet bør ha ei sentrumsbasert regjering, utan fløypartia. Det er her det politiske tyngdepunktet bør ligge. Kanskje bør politikarane i større grad vere realitetsorientert i staden for å fokusere på gamle skillelinjer mellom klassar.

Dei neste åra vil vi sikkert sjå ei ny regjering som startar med friskt mot, for etterkvart å møte kritikk og fallande oppslutning. Sjølv håpar eg på ei samling i det reelle sentrum fram mot neste val, der Krf og Senterpartiet kan lage ein avtale med Arbeidarpartiet om regjeringssamarbeid etter neste val. Venstre? Eg er i tvil. Endå meir i tvil vart eg då eg såg dokumentavtalen som vart lagt fram i går. Der manglar Venstre si underskift i eit spørsmål. I eit spørsmål som er og skal vere eit av dei viktigaste for Krf.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar