I nesten eit år har vi øvd. I helga var det endeleg premiere på verket "Pinseoriatoriet" av kollegaen min frå kulturskulen, Bjarte Sætre, i kyrkjene i Stryn og Volda. For ein opplevelse det vart, både for oss som var med, og eg trur og for dei som høyrde på. Nydelege melodiar, fantastiske musikarar, og eg trur heller ikkje vi i koret gjorde ein dårleg jobb. Orkesteret inneheldt både gitarar, bratsjar og klarinettar pluss mykje anna, og eit par instrument eg aldri har sett før. Å vere med på dette er heilt annleis enn noko eg har vore med på før. Så enormt mange store, samt ulike, talent og kompetansar på ein gong, i ein felles innsats for eit felles mål.
Lokalavisa Fjordingen sin utsende var også begeistra. Sjølv er eg glad for å ha vore med på eit slikt storslått prosjekt, samt litt letta over at det er over :) Bileta er frå konserten i Stryn og den eminente dirigenten, Magnar Åm.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar