fredag 16. mai 2014

Tante Sigrids bokhylle

Då mi no avdøde tante Sigrid skulle flytte på pleieheim for nokre år sidan, måtte eg og søstrene mine rydde ut av leiligheita hennar før den vart lagt ut for sal. Der var det litt av kvart som hadde samla seg opp gjennom åra, og i dag angrar eg på at vi ikkje tok med oss meir av det som var der. Mykje gjekk til Fretex og ein god del vart nok kasta.

Tante Sigrid hadde ei bokhylle. Det var ikkje veldig mange bøker der, en som så mange nadre var ho i mange år medlem av bokklubben. Dersom du tek ein tur på ein bruktbutikk i dag, finn du alltid mange av desse bøkene. Mange av dei er uleste av dei tidlegare eigarane. Eg veit ikkje kor mange av dei tante Sigrid las, men i fleire har eg funne eit postkort eller eit anna slags bokmerke midt inne i bok. Tydelegvis har ho kome dit og ikkje lenger. Ho hadde nok ikkje den staheita som eg har at eg aldri stoppar midt i ei bok. Nesten aldri, i alle fall.

Desse bøkene frå boklubben er ei samling av bøker og forfattarar som få har høyrt om lenger. Det vil seie, nokre av dei er framleis relativt godt kjende. Aksel Sandemose, Tarjei Vesaas og Knut Hamsun er vel godt kjent av dei fleste. Men kva med Oskar Braaten, Johan Borgen, Torborg Nedreaas og Sigbjørn Hølmebakk? Den siste tida har eg lese nokre av desse, og eg har forstått at her er det mykje flott litteratur som har gått i gløymeboka. Barndomsskildringane i Oskar Braatens "Uleviet" og Johan Borgens "Lillelord" for eksempel. Skildringane av det beinharde lofotfisket i Johan Bojers "Den siste viking". Og Trygve Gulbrandsens trilogi om gamle-Dag og unge-Dag, som var det einaste mannen skreiv. Og det slår meg at det langt i frå er dei mest kjende forfattarane som skriv dei beste bøkene. For å ta eit døme: No held eg på med den kjende "En flyktning krysser sitt spor" av Aksel Sandemose. Ei  karikert og rimelig uinteressant skildring av ein imaginær oppvekst. Før denne las eg "Karjolsteinen" av Sigbjørn Hølmebakk. Ei perle av ei bok om dei store spørsmåla i livet. Eg veit kva for ei av desse to eg ville ha anbefalt.

Konklusjonen er at det fins mange litterære skattar som du ikkje får i pocket-utgåve. Hugs det neste gong du er på bruktbutikken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar