tirsdag 27. november 2012

Dei gamle merkesteinane

I forrige veke var eg og far min ein tur til skogs for å sjå om vi kunne finne nokre aktuelle juletre. Det kan jo vere greit før dei snøar nede. Juletre fann vi, og samstundes fann vi nokre av dei steinane som markerer skilje mellom eigedomane til folket på Maurset. Nokre er vanskeleg å få auge på fordi dei er nesten borte i bakken. Denne, derimot, var enkel å få auge på. Han stod ved utkanten av eit granfelt. Rett ved sida av hadde fleire graner måtte gi tapt for stormen "Dagmar" i jula i fjor. Men dei gamle merkesteinane, som kjent, "dei standa like traust".

Skogeigedomane er eit uforståelig lappeteppe. Teigane ligg hulter til bulter, nokre er store, andre er mindre, men det verkar ikkje å være noko logikk bak korleis dei er plassert i forhold til kven som eig dei. Truleg har det likevel vore det, då dei vart inndelte. Men i dag framstår det som er merkeleg levning frå ei tid med heilt andre verdiar og prioriteringar. For geografien har spelt ei birolle her, ein har prøvd å dele inn slik at alle kan få ei blanding av god og dårleg jord og skog.

Opprinneleg skal Maurset ha bestått av to gardar, Inigard og Utigard. Når slektsboka for Hornindal begynner på 1600-talet, har Utigard blitt delt i to, slik at det er tre gardar på Maurset. Husa til desse tre ligg tett samla, noko som var vanleg før, medan jorda ligg sør og vest for husa. Men vi ser at når Utigard har blitt delt i to, har også teigane blitt fordelt slik at jorda til dei to gardane ikkje ligg samla, men er blanda. Den beste jorda skulle fordelast, uansett kor denne låg. På 1800-talet vart begge dei to gardane i Utigard igjen delt i to, slik at det vart fire gardar. På denne måten gjenoppstod logikken i teigblandinga, slik at heimjorda til den enkelte garden stort sett er samla. Seinare vart det reist ein femte gard, samt at også Innigard vart delt i to. I dag er det altså sju gardar på Maurset.

Fleire av gardane vart oppkalt etter bøndene som hadde budd der. Dei to gardane i Utigard er blitt kalt for Magne-bruket og Lars-bruket, men har for meg alltid vore kjent som "Mekjelane" (etter Mikal som budde her på andre halvdel av 1800-talet) og Berentane (etter Berent som levde omtrent samtidig som Mikal). Grunnen til at gardane igjen vart delt, har nok vore økonomi. Ein har frådelt ein del som har blitt selt. Mekjelane vart altså delt i to, og ein tredel vart til garden Myra , som eg bur på. Eg har faktisk papir på at garden vart frådelt og selt rundt midten av 1800-talet. Berent-garden var eigd av den kjente spelemannen Magne Maurset. Han var nok meir interessert i musikk enn gardsdrift, og slikt blir ein ikkje rik av. Han delte garden i to, men selde faktisk begge to, og flytta til ei husmannstova på garden sin, der han vart gamal saman med søstra Gunhild.

Berent-grden er den første av gardane på Maurset som vart lagt ut for sal i løpet av dei siste hundre åra, som et resultat av at den dåverande eigaren hadde sett seg i eit økonomisk uføre. På slutten av 90-talet vart garden kjøpt av eit yngre ektepar, som har drive med hestar og ridning. Det er nok ikkje lett å kome som innflyttar til ei så etablert bygd. Lenge gjekk det vel ganske bra, men etter kvart vart det meir vanskeleg.

Å ha gode naboar er noko vi alle ønskjer oss. Dessverre verkar det som har Berent-naboen har lagt både meg og familien for hat. Det er vanskeleg, også fordi eg ikkje forstår at eg skal har gjort noko som skulle forårsake ei slik kjensle. Framleis håpar eg at det går an å finne ei felles forståing, men det har sett vanskeleg ut så langt. Uansett, om relasjonar og tilhøve endrar seg, dei gamle merkesteinane står der som vitne om nærleik, men også om skiljer. Det er ikkje sikkert det var så mykje enklare før.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar