lørdag 3. november 2012

Medmenneske

Ho stal seg ut i kammerse. Der hørte ho Håkon sov. Han måtte ha vaka lenge i natt når han sov slik. Der hørte ho Hallvard, slik sov han. - Enno seier eg ikkje farvel her, tenkte ho. Då Håkon kom ut i kjøkene, lest ho som ho ikkje kom i hug nokon ting særskilt. Ho fortalde ho hadde vore hos hestane, og fresta å få tak i auga hans. Dei var ikkje å finne i dag, dei heldt seg langt unda henne. - Ja, sa ho med ein liten lått, enno har eg ikkje rømt huse, som du ser.

Han sat og såg fram i tomromme, med brunene høgt oppe, og gjorde som han blistra. - Og ikkje rømmer eg, heller, la ho til. For så smått trur eg ikkje om deg, Håkon, at det skulde vera naudsynt.

Då endelig fanga ho auga hans og da først såg ho kva det vilde seie at ho hadde teke liv. Visst hadde det vore djupt å sjå ned i dei før og. Det hadde røynt på. Men ho stod da på faste landet med ho såg ned i botnløysa, det var berre å tåle det. For Håkon var det avgrunnen og helvete som hadde opna seg under han, det var live som hadde rømt frå han. Der for noko som likna ein hånsmil over andlete hans, men auga ropa på henne ut frå yttaste mørket og klaga seg. Måle hans var tørt og trøytt: - Du ser visst kva du skal gjera.

Olav Duun

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar