Heilt sidan Stortingsvalet 10. september har det vore stor spenning rundt kva slags samansetning landet si nye regjering vil få. Vil vi få Framstegpartiet i regjering for første gong? Vil Høgre-leiaren Erna Solberg klare å samle dei ulike politiske synspunkta og kulturelle skilnadane frå sentrumspartia til det populistiske partiet på ytre høgre? Vil Venstre og Krf halde saman eller gå kvar sin veg? Aller mest spenning har det knytt seg til kva som skjer i Krf. Vil partiet verkeleg gå i regjerning saman med Frp, sjølv om dei alltid har sagt at den politiske avstanden mellom dei to har vore for stor til at det skal kunne skje?
Når resultatet av dei to veker lange forhandlingane begynner å tikke inn, har vi fått svara. Frp går i regjering for første gong. Men det blir utan sentrum. Vi får ei blåblå regjering med sentrumspartia som støtteparti, kva no det enn vil innebære i praksis. Uansett vil det bli ei mindretalsregjering, i motsetnad til det vi har hatt dei siste åtte åra. Med dette er det både for- og bakdelar. Regjeringa kan nok bli mindre styringsdyktig Samstundes vil mykje av dei viktige debattane igjen foregå på Stortinget, der dei høyrer heime, i staden for i lukka rom i regjeringa. Dert viktigaste uansett blir kva slags politikk vi vil sjå.
Det er vel ikkje noko stor løyndom at eg alltid har vore Krf-veljar. Så også sist val. Egentlig har det vel aldri vore tvil om kva eg skulle stemme. Men det spørs om framtida blir annleis. For no er eg i tvil. Både fordi partiet opna for eit Framstegsparti i regjerning. Og fordi ein vurderte å sitje saman med dei i regjering. Men kanskje aller mest no, der ein skal vere støtteparti for ei regjering der Frp er med, og ikkje ein sjølv. Hadde ein site i ei slik regjering, kunne ein i alle fall ha ein liten finger på rattet, trass sine fem prosent. Ein har rett nok fått nokre gode garantiar i spørsmål om miljøpolitikk og asylpolitikk, men no skal ein altså sitje og støtte ei regjering ein er så ueinig med at ein ikkje kan regjere saman med. Skal tru korleis det skal bli.
Kristenfolket har jo i store tal allerede forlatt partiet. Dei fleste av dei har gått til partia på høgresida. Etter at partiet hadde statsministeren og 12 prosent av stemmene, har det berre gått ein veg. Og mange har ropa om at ein må ta eit vegval. Det er det ein no har gjort. Konsekvensane blir at ein mistar seg sjølv og neste gong forsvinn under sperregrensa og blir heilt irrelevant. For korleis skal ein kunne hevde sine "mjuke"verdiar som nestekjærleik, omsorg, avhold og livsvern som støtteparti for eit høgrepopulistisk parti? Det er meir enn eg kan forstå.
For dei neste fire åra, la meg kome med eit ønskje: Finne tilbake til det gode samarbeidet ein hadde med Senterpartiet i mange år. Finn så saman med Arbeiderpartiet, slik at ein kan styre etter der tyngdpunktet bør ligge i norsk politikk. For at fløypartia med ekstreme synspunkt som Sv og Frp skal influere landets politikk slik vi har sett dei siste åra, og kjem til å sjå framover, er ei ulukke. Både for landet og for omdømmet vårt i utlandet.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar