fredag 24. juni 2016

Øyvind

I dag var eg i Volda for å endeleg få gjort det siste av reparasjonane på bilen etter EU-kontrollen. Ganske irriterande når ein må tilbake til verkstaden tre gonger fordi dei har bestilt feil deler, eller har øydelagt eit apparat for å justere eit eller anna. Så eg leverte bilen halv ett som avtalt, og kom tilbake etter den avtalte ein og ein halv timen, for så å få beskjed om at dei skulle akkurat til å begynne på bilen min. Irritasjonen vart vel ikkje akkurat mindre av det, spesielt sidan eg hadde ein frisørtime halv tre. Men det var ikkje anna å gjere enn å vente. Eg fekk endra frisøravtalen til klokka fire, og gjekk for å få meg litt mat. Då hadde vel verkstaden begynt å forstå min irritasjon, og dei fekk opp farten slik at bilen var klar til halv tre. Plutselig hadde eg altså ein god del tid å bruke opp før eg skulle til frisøren.

Eg har jo lurt på når eg har køyrt gjennom alle tunnelane på veg til jobben, kor vegen gjekk hen før han gjekk gjennom fjellet. Med all den ekstra tida eg hadde, fann eg ut at i dag var ein god dag for å utforske akkurat det. Eg peila ut retninga der eg tenkte den gamle vegen måtte ligge. Eg køyrde gjennom eit boligfelt, og brått var eg ved gravlunden i Volda. Eg har vore her berre ein gong før, og hadde gløymt kor han låg hen. Eg stoppa og gjekk mot grava eg stod ved for fem år sidan. og då eg fann henne, slo den kjensla meg, for første gong på det eg kan hugse. At det kanskje ikkje var tilfeldig at verkstaden vart forsinka, at eg fekk så mykje ekstra tid, at eg stod her akkurat no. 25. juni 2011, stod det på steinen. Fem år sidan i morgon. På gravsteinane rundt var fødeåra til dei gravlagde 1926, 1931 og 1952. Middelaldrande og gamle menneske. 1975 stod det på denne. Mitt fødeår.

Det var ikkje så mange på min alder då eg vaks opp i pinsekyrkja i Stryn. Det var difor ikkje så rart at eg og Øyvind fekk eit nært forhold. Eg hugsa frå eg var liten at eg alltid gledde meg til å være saman med han, spesielt heime hos han. Han hadde alltid noko spanande på gang. Ein gong hadde han fått for seg at det var kjekt å skru på gammal elektronikk. Så vi sat med kvart vårt skrujern og prøvde å dissekere ein gammal radio. Vi likte begge å lese detektivbøker, og eg huskar at eg lånte bøker av han om Hardy-gutane og Fem-serien. Eg huskar eg syntes synd på han fordi foreldra hans ikkje hadde fjernsyn. Vi hadde rett nok berre eit gamalt svartkvitt-fjernsyn frå 1968 med ein kanal, men likevel.

Eg har mange gode og nokre såre minner. Eg hugsar då vi for første gong fekk lese høgt frå Bibelen offentleg. Eg hugsar alle barnemøta, voksen-møta, menighetsmøta. Eg huskar alle laurdagane vi var på dugnad for å bygge menighetslokale.  Eg hugsar ein gong eg arrangerte bursdag med alle gutane frå klassa mi. pluss Øyvind. Då han stod på døra hadde eg gløymt at han skulle kome. Eg veit ikkje om han hadde det so kjekt. Eigentleg skulle eg ønske eg hadde invitert berre han, og ingen av dei andre.

Då vi var ein ti-elleve år, flytta Øyvind og familen. Til Volda. Det var veldig trist og meiningslaust, syntest eg. Men eg traff Øyvind på leirar på somrane, og framleis var vi mykje i lag. Vi to og Kjetil var eit trekløver som likte å skille oss litt ut, være litt sære, ei motvekt til alle ålesundarane på leiren. Det er kanskje på desse leirane eg har mine beste minne om Øyvind. Om korleis vi høyrde på høyrespel på radioen, og korleis vi lagde våre eigne. Om korleis vi gjekk inn på bønerommet etter kveldmøtet for å spørje om predikanten syntes vi leste for mykje krimbøker. Om korleis vi droppa å dra på fjelltur og heller stura på leiren før vi bestemte oss for å øve inn "Old time religion" og framføre for dei andre. Om korleis vi var nysgjerrige og litt skremt av alt det som hadde med Gud å gjere. Korleis vi ba høgt for første gong saman. Korleis han skulle lære meg å spele gitar, og begynte med å vise meg grepet F, som er av dei aller vanskelegaste. Og ikkje minst korleis vi lo. Jammen lo vi.

Øyvind hadde alltid noko rebelsk i seg, meir enn oss andre to. Han kunne ha med seg blad med lettkledde damer og dra det fram for å provosere gruppeleiaren på leiren. Han kunne røyke på do, og la sneipen ligge igjen slik at nokon skulle finne han. Han kunne spele songar av AC/DC på gitar. Og han kunne banne.

Etter at leirtida var avslutta, vart kontakta mindre. Vi sende brev til kvarandre ei stund, men etter at eg begynte på bibelskule, vart kontakta slutt. Siste gong eg møtte han, trur eg var det første året på bibelskule, eller kanskje sommaren før. Eg hugsar eg kom på besøk, og han låg og sov. Etter at han hadde fått vakna opp, sat vi og prata mens han røykte Camel. Eg hugsar ingenting av kva vi prata om. Men eg hugsar at det var ikkje som før.

Dei neste åra høyrde eg lite om Øyvind. Men han var ofte i tanken min, og i bibelskuletida, når det var snakk om å be for kameratar, var han alltid den første eg tenkte på. Eg hadde alltid ein tanke om at vi skulle ta opp igjen kontakta ein gong. Ein gong i framtida. Men den framtida kom altså ikkje. Ei veke etter at eg flytta heim igjen til Vestlandet, kom bodskapen om at foreldra hadde funne han død i heimen sin.

"Trygg hos Jesus" står det på steinen hans på gravlunden i Volda. Eg håpar det er sant. Fred over minnet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar