søndag 21. august 2011

Skytja

Det som vart mest ødelagt av flaumen, var skytja, der vi oppbevarte veden. Elva ødela muren og dermed flomma vatnet tvers gjennom og tok med seg det meste av det som var der, i hovedsak ved. Veden vart spreidd utover eit stort område, så dagen etter brukte vi på å samle inn igjen det vi kunne finne utover jorda utanfor oss.

Sidan alt er øydelagt og vi  kome til med gravemaskin for å kunne bygge opp ein ny mur, riv vi no ned heile bygningen. Truleg vart denne bygd av min oldefar for over hundre år sidan. Tvilar på om eg kjem til å bygge opp ei ny sjykkje, for strengt tatt har vi vel ikkje bruk for ho. I løpet av den neste veka er nok resten av byggverket også nede.

Det er merkeleg kva ein hugsar frå barndommen. Noko eg hugsar er at eg fekk ein heilt ny, grøn sprettball. Den leika eg med både inne og ute, heilt til eg var dum nok til å sprette den i sjykkja. Og borte blei den, mellom veden. Sidan har neg tenkt på om den vil dukke opp igjen. Vel, no er vel siste sjansen til å finne han att. Men det er vel kanskje tvilsamt om det skjer ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar