Det er noko fascinerande med bøkene til Knut Hamsun. Dei indre spenningane han klarer å skildre i hovudpersonane sine er ganske unike. Slik er det også med den stakkars løytnant Glahn i Pan. Ein naturens og skogens mann som elskar å dra inn i skogen og vere i einsemd og jakte, saman med hunden sin Æsop. Her er han i sitt ess, her lukkast han med alt hans set seg fore. Det motsette kan vel seiast i relasjonane hans med andre menneske. Her er han mistenksam og irrasjonell. Spesielt i forhold til den unge og vakre Edvbarda, som verkar å vere like irrasjonell som han sjølv. Sjølv om han elskar henne, prøver han stadig å overtyde seg sjølv om at han ikkje bryr seg. Det same ser ho også ut til å gjere. Det blir ein evig runddans, som ein gøyme- og leiteleik der ingen finn kvarandre. I bakgrunnen lurar den trufaste Eva, som er Edvardas rake motsetnad. Men ho klarer aldri å vinne Glahns hjarte, sjølv om ha gjerne vil. Og ein del av han vil det nok og, sjølv om hjartet hans er hos ei anna.Det går som det ofte går med Hamsuns tragiske, ofte sjølvbiografiske heltar. Med sakn, oppbrudd, sjalusi og død. Meir er det vel ikkje å seie om det. Anna enn at Hamsuns forfattarskap er eit rikt bekjentskap. Noko av det beste i Pan, er korleis Hamsun skildrar løytnantens forhold til naturen, som ein kjær venn. Spesielt synes eg dette avsnittet var overmåte vakkert skrive:
Det monotone sus og de kjendte trær og stener blir for meget for meg, jeg blir fuld av en sælsom takknemlighet, alt indlater seg med mig, blander seg med mig, jeg elsker alt. Jeg tar opp en tørkvist og holder den i hånden og ser på den mens jeg sitter der og tænker på mine ting, kvisten er nesten rotten, den fattige bark gjør indtryk på mig, en medynk vandrer gjennem mitt hjærte. Og når jeg reiser mig og går, kaster jeg ikke kvisten langt bort, men lægger den ned og og står og synes om den; tilslut ser jeg på den en siste gang med våte øine før jeg efterlater den der.
Hamsun ja. :) Nice!
SvarSlett