Dette halvåret er nasjonsbygging og nasjonalisme noko av det eg har på pensumlista. Sentralt står perioden frå 1814 til 1905, der vi nordmenn gjekk frå å være eit dansk distrikt til å bli eit stolt og sjølvstendig folk. I denne perioden skjedde enormt mykje, både politisk og kulturelt., Det vaks fram ei kjensle at det å vere norsk var noko ein kunne vere stolte av. Vi var folket som hadde fostra store kongar som Harald Hårfagre og kong Sverre. Vi var djerve og stolte krigarar. Og vi var ikkje lenger underlegne våre naboland. Det Noreg som kom ut av 1800-talket, var eit heilt anna enn det som gjekk inn.
I oppgåva eg nettopp har levert inn vart det spurt om kva rolle kyrkje og religion hadde i denne prosessen. Konklusjonen var då uunngåeleg slik at medan kyrkja og trua spelte ei sjølvsagt og sentral rolle i 1814 då grunnlova vart vedtatt, var kyrkja i 1905 på sidelinja og observerte kritisk det som hende. Framveksten av pietistiske vekkjingsrørsler på 1800-talet fekk stadig større brodd mot den nasjonale rørsla. Ein historikar hevdar at i 1814 var religionen limet i den norske nasjonsforståinga. I 1905 var dette limet ei heilt anna, nemleg nasjonalismen.
Og då begynte eg å tenke. Religion vart erstatta med nasjonalkjensle. Alt det nasjonale, om det var natur, målarkunst, eventyr og forteljingar eller klesdrakter, vart hylla og framelska på slutten av 1800-talet, i ei tid der religion vart sett under stadig større press i det offentlege liv. Og då begynner eg å lure: Er det det same som har skjedd med meg? Er det ikkje så tilfeldig at interessa mi for slektsforsking og gardshistorie har vore aukande? At det er ein grunn til at eg har oppdaga dei gamle store norske forfattarane som Bjørnson, Collett og Kielland? Og endå verre: At eg er hekta på gamle norske serviser og muggar frå Egersund fayance og Figgjo flint? Har det same skjedd med meg som med nordmenn flest på 1800-talet? Har min dalande religiøse aktivitet gjort meg til ein nasjonalromantiker?
Litt spøkefullt kan ein jo seie at eg ser ein parallell. Så kan ein vel også seie at religionen ikkje forsvann med nasjonalromantikken, den inntok berre andre former. Og det er kanskje det han har gjort hos meg og ;)
tirsdag 19. november 2013
mandag 28. oktober 2013
Ein hyllest til Magne Hoseth
Eg har jo skrive ein del innlegg om dustete og barnslige idrettsfolk med ein skiløpar frå Trøndelag som det beste eksempelet. Men heldigvis fins det idrettsfolk som kan overraske positivt, ikkje berre med sine prestasjonar, men også med det dei seier. I dag er det Magne Hoseth det handlar om.
Då den 18-årige nordmøringen slo gjennom med eit brak og sende lille Molde til Champions League i 1999, var vel grunnlaget lagt for eit ego som var i største laget for Averøya, og for Molde og. Det vart ikkje betre av at mannen elska å kle seg med dyre designerkle og uttale seg med ganske stor sjølvtillit Landslagsplass, proffkontrakt i Danmark og kjendisstatus var dei neste stega på vegen mot himmelen.
Men så skjedde det noko. Mannen spelte dårlige landskampar, mista plassen på laget, kom heim til Noreg og etterkvart heim til Molde igjen. Og i denne prosessen framstod Magne Hosteh som ein ny mann som hadde mykje viktig å seie. Farmleis med ein fantastisk skudd- og pasningsfot som overgikk dei fleste. Men like mykje som ein talsmann, eit forbilde. Som hadde sjølvironi. Som viste storsinn. Og som turte ta bladet fra munnen og snakke om viktige ting.
Av TV2 sin mann Davy Wathne blei han hylla som ein fanebærer av Fair Play etter at han unnskyldte ein linjemann som dumma seg ut. Han tok eit betimelig oppgjør med hetsen som kvar veke blir slengt mot spelarane av stadig yngre tilskodarar. Han har engasjert seg mot mobbing også ellers. Stor sjølvironi og latter vart resultatet då han fortalde at han ikkje hadde oppfatta at motstandarlaget hadde fått ein mann utvist heilt i starten av ein kamp mot Brann. No sist stod han gråtande fram på tv etter toppkampen mot Rosenborg og fortalte om sin kreftsjuke kjæreste.
Kanskje var det hendelsen der Hoseth vart vitne til at ein tilskodar fall ned frå tribuna og døydde som skapte denne endringa hos Hoseth. I alle fall er eg glad for at vi har førebilete innanfor idretten og. Som er ein fantastisk fotballspelar. Og eit reflektert menneske. Med eit flott namn ;)

søndag 27. oktober 2013
KRLE - ei oppfølging
Svært få av mine innlegg har fått så stor merksemd som det forrige innlegget mitt om at den nye regjeringa vil endre religionsfaget i skulen frå RLE til KRLE. Dei fleste reaksjonane var positive, og eg valde å legge ut innlegget mitt på Verdidebatt.no , som eg av og til gjer med nokre av innlegga mine. Responsen her var ein heil anna. Eg registrerer at dette spørsmålet skaper sinne hos mange, og eg registrerer at ønsket mitt om ein fordomsfri debatt ikkje vart oppfylt i særleg stor grad. Eg blir framleis oppgitt over korleis enkelte oppfattar dette som "overgrep" eller "middelaldersk" eller "bakstreversk". Dersom det er å gå bakover i tida, er det i så fall ikkje med meir enn fem år.
Eg registrerer tre argument som går igjen mot denne nye endringa. Eg opplever ikkje at nokon av desse argumenta er spesielt gode, og eg skal fortelje kvifor. For det første handlar det om desse 55% som skal brukast til å undervise om kristendom, og at det dermed berre blir igjen 45 % til alle dei andre religionane, livssyn og etikk. For meg er ikkje dette hovudsaka, men eg meiner samstundes at denne delinga ikkje er urimeleg på nokon måte. Av dei store verdsreligionane, er det stort sett berre kristendom og islam dei fleste av oss kjem til å behøve ein inngåande kjennskap til. Dette betyr ikkje at ein ikkje skal lære om dei andre, men det er ikkje naturleg å bruke like mykje tid til dette. Etikk er viktig, men mykje av etikken kan knytast til religionar, så mykje av etikken vil kome innanfor dei 55%. Når det gjeld livssyn, er mykje av verksemda her knytt til eit samfunn, Human Etisk Forbund. Så skal ein sjølvsagt lære om etiske modellar og aktuelle filosofar. Eg kan likevel ikkje gå med på at ein treng meir enn 45% av tida til dette. Så kan eg jo og minne om at då det vart gjort ei innstilling om denne delinga, vart det også forutsett at timetalet i faget skulle aukast.
For det andre handlar det om at enkelte meiner at ein på nytt vil få rettsaker og dommar mot den norske staten slik ein fekk mot KRL-faget. Reelt nok vart det nevnt at prosentdelinga var problematisk, og at dette kunne oppfattast som ei kvalitativ skilnad. Men namnet på faget var aldri eit argument. Hovudproblemet var at faget var knytt til skulen sin kristne formålsparagraf. Dette var hovudgrunnen til dommane mot faget. Utan denne, er eg heilt sikkert på at ingen ville gitt dei klagande medhold. Difor trur eg heller ikkje på at slike klager vil få medhald no, med ei presiseringa av kvantitativ og ikkje kvalitativ skilnad på religionane.
Debatten på NRK i etterkant av mitt forrige innlegg, var slik som desse debattane brukar å være. Til å representere dei kristne, hadde dei hanka inn artisten Kjell Elvis, som knapt kan vere spesielt representativ for kristne i Noreg. Avtroppande kunnskapsminister Kristin Halvortsen sitt hovudpoeng var følgande: Vi treng ikkje ein ny debatt, ein runde til om dette spørsmålet. Og her er vi ved det tredje argumentet, og etter mitt syn det viktigaste. For når KRL-faget vart innført i 1997, kom det etter ein brei fagleg og politisk debatt. Utval vart sett ned, rapportar vart skrivne. Då RLE-faget ersatta KRL i 2008, skjedde dette heilt utan debatt. Departementet avgjorde at slik skulle det være. Grunnen var dommane mot faget.
Så er det sjølvsagt sant at ein måtte gjere noko etter dommane. Men kva ein skulle gjere vart aldri debattert. Som nevnt, er eg overbevist om at det hadde vore nok å fjerne den kristne formålsparagrafen. I tillegg fjerna dei K-en frå namnet, slik at vi hausten 2008 altså for første gang sidan 1789 hadde skulestart utan eit kristendomsfag på timeplanen. Så kan ein seie at namnet meir er eit symbol, men at det er eit kraftig symbol er det ingen tvil om. Meir dramtisk var endringane i faget sitt innhald som vart innført. Eg siterer frå semesteroppgåva mi:
Dersom vi samanliknar læreplanane i KRL frå 2005 og RLE i 2008, er det nokre viktige skilnader. Referansen til paragraf 2 i grunnlova er fjerna. Ein annan viktig skilnad er at formuleringa ”personlig utvikling og bevissthet om egen identitet” er borte. Linken til menneskerettane er meir markert, det same er ord som objektiv, kritisk, pluralistisk, saklig og upartisk. Teksten om at religionar og livssyn skal presenterast ut frå sin eigenart, er fjerna.
Med andre ord vart faget endra frå eit identitets- og dialogfag til eit reint informasjonsfag. Utan ein debatt. Det er denne debatten eg hadde håpa vi kunne få no.

onsdag 2. oktober 2013
Fra RLE til KRLE
Eit av punkta i avtalen om den nye regjeringsdanninga som vart lagt fram på mandag, handlar om at ein igjen vil endre namnet på religionsfaget i skulen, frå RLE til KRLE, i tillegg til at kravet om minst 55% kristendom i faget blir gjeninnført. Det begynner å bli ein del bokstavar etterkvart, og det er tydeleg at dette har vore ei viktig symbolsak i soneringane forut for den nye regjeringsdanninga. Etter at nyheita vart kjend, har rekasjonane kome, forutsigbart nok. Human-Etisk forbund kjem med eit av sine klassiske melodramatiske ramaskrik, og Jens Brun Pedersen fresar mot vedtaket og meiner at ein likegodt kan tvangsdøype alle norske barn. Dagbladet har, ikkje uventa, gått i spissen for å formidle reaksjonane, og skrive fleire artiklar om saka Dagbladets redaktør John Olav Egeland kallar vedtaket bakstreversk og respektlaust.
Eg skulle kanskje ikkje bry meg, men eg blir likevel ganske oppgitt over desse reaksjonane. Først og fremst fordi ein legg så stor betydning i noko som ikkje vil skape noko stor endring i faget. Rammene og innhaldet i faget står fast. Det er sjølvsagt ikkje snakk om at kristendommen skal "prioriterast" slik som det blir sagt, ei heller er det snakk om at kristendommen skal forkynnast eller formidlast som betre eller meir utvikla enn andre livssyn. I praksis er alle lærebøkene i faget lagt opp med ei overvekt av tema innanfor kristendom. Faktum er at det har vore så hyppige endringar i faget, at ein ikkje har rekke å lage så mange nye lærebøker etterkvart. Dei fleste av desse er relativt like lærebøkene som kom i 1997, då KRL-faget vart innført. Dette er ei symbolsak for Krf, som dei andre partia, klokeleg nok, ikkje såg noko stort poeng i å lage bråk om.
Eg er samstundes oppgitt over at det ser ut som veldig mange ser på religion og å lære om religion som noko negativt og farleg. Det er vanskeleg å tolke reaksjonane annleis. Faget er per i dag redusert til eit reint informasjonsfag, der det berre skulle mangle om ein ikkje vart betre informert om kristendommen enn dei andre religionane, sidan denne religionen har spelt ei så stor rolle i vår historie og kultur. Eg undrar meg stort over at ikkje dette er sjølvsagt. Så er det sjølvsagt også å lære om andre religionar, sidan vi i stadig større grad kjem i kontakt med menneske frå andre religionar. Faget bør handle om identitet og dialog, slik som var meninga i 1997. Men dommane fra menneskerettsdomstolen førte til ei panisk fjerning av alt som kunne lukte av ei prioritering av kristendommen. Difor vart også namnet endra.
Så seier jo nokon at no vil vi få nye søksmål mot staten. Og det kan godt hende. Men eg tvilar sterkt på at slike vil nå fram no. Mykje av årsaka til at søksmåla nådde fram før, var koblinga mellom faget og paragrafen i grunnlova som påbaud alle å oppdra barna i den kristne tru, samt skulen sin kristne formålsparagraf. Desse er no endra, og problemet er borte. At ein får meir informasjon om kristendom enn andre religionar, kan umulig være eit overgrep. I så fall er det heilt meiningslaust.
Eg synes det er bra og spennande at nokon tør å reversere ei utviklinga som har gått berre ein veg. Og dette veit eg litt om sidan eg i vår skreiv semesteroppgåve på masterstudiet mitt om utviklinga av religionsfaget sidan starten. Det faget som vi har hatt sidan 2008 har vore blodlaust, uinteressant og politisk korrekt. Sjølv miner eg at ein må gå lenger i reverseringa, og nærme seg slik faget var tenkt i 1997. At det bør handle om å kjenne sin eigen identitet og kultur grundig og godt, at ein kan lære å sjå på både sin eigen og andre sin religion som ein ressurs i staden for eit problem, og at ein dermed kan bli menneske som både er trygg på sin eigen identitet og inkluderande over for dei som har ein heilt anna.
Ein kan snakke om tre typar av religionsundervisning. Den gamle typen, opplæring i og til ein religion, er det få som ønskjer seg tilbake til. Det er kyrkja si oppgåve å drive trusopplæring, ikkje skulen si. Den andre typen, informasjon om religionar, er den vi har i dag. Men vårt fag manglar totalt den tredje dimensjonen, som er framtredande i religionsundervisninga i fleire andre land, mellom anna Storbritannia. Dette er læring av religionane. Med andre ord: Kva kan vi lære av religionane? Korleis kan religionane være ein ressurs? Kva slags etikk og moral kan vi finne i religionane som kan anvendast i dag? Element av dette fantes i det gamle KRL-faget, men har vorer fråværande i læreplanen for RLE.
Eg håpar på at vi får ein levande og open debatt, utan karikaturar av andre sine ståstader og ei meir open haldning hos alle til at religion kan vere noko som framleis kan bidra positivt til samfunnsutviklinga. NRK1 skal ha debatt om saka i morgon. Men eg fryktar at debatten ikkje blir heilt slik som eg skulle ønskje.

En politisk analyse - dagen derpå
Då avtalen mellom dei fire partia på "borgarleg" side ble lagt fram i går, satt ordet historisk ganske laust. -Dette var ein historisk avtale, vart det sagt. Og på sett og vis var det jo det, all den tid Framstegspartiet vart tatt inn i varmen på denne måten. Eigentleg er det historisk det vi har sett sidan århundreskiftet: At dei radikale partia på fløyane begge no har vore i regjering, er noko vi ikkje har sett sidan samlingsregjeringa etter andre verdskrigen. Det kan sjå ut som vi har hatt ei rørsle mot meir ytterleggåande politikk.
Men dette er nok mest på utsida. Fakta er at dei partia som er mest vant til å stå på utsida og klage, no har kvitta seg med sine mest ekstreme synspunkt og blitt stovereine. I det store og heile merkar dei fleste av oss liten skilnad på om det er SV eller Frp som sit i regjeringa. Å styre landet handlar mest om å administrere og håpe på at landet styrer seg sjølv. Vi ser og har sett ei klar endring i det politiske landskap dei siste åra. Likevel heng dei gamle forestillingane om ei "sosialistisk" og ei "borgarleg side i politikken att.
Omgrepa heng saman med framveksten av arbeidarrørsla, og er i fremste rekke marxistisk tankegods. Trass i dette, ser vi at omgrepa blir brukt av begge sider. For folk flest er det kanskje godt å kunne setje namn på dei ulike sidene, men faktum er at det er Høgre og Arbeidarpartiet som stemmer mest likt i Stortinget. Dei store ideologiske skiljelinjene har blitt meir og meir utviska etterkvart som sentrumsorienterte politikarar som Gro Harlem Brundtland og Jens Stoltenberg har site ved roret i Arbeidarpartiet.
Kjell Magne Bondevik gjorde sitt beste for å lansere eit tredje alternativ i si tid: Sentrum som politisk tyngdepunkt. Han lukkast delvis med si eiga sentrumsregjering i det som var dei beste åra i Krf si historie. Verdiar var i skotet, og partiet tok steget ut frå bedehuset og vart eit meir vidtfamnande parti. Gleda vart kortvarig. I 2001 vart partiet igjen klistra til høgresida ved den andre Bondevik-regjeringa. Sidan har det gått nedover. I sum kan ein nok seie at partiet har vore for regjeringskåte, i staden for å byggje seg opp i opposisjon. Det kan ein kanskje sjå ei endring på no? Eg tvilar likevel på særleg vekst for partiet, sidan ein no har valt å vere garantist for ei blåblå regjering.
Så kva med framtida? Eg trur at dei gamle skiljelinjene blir meir og meir uklare. Kanskje ser vi om nokre tiår at vi får ei regjering av Høgre og Arbeidaerpartiet? Slik eg ser det, er det berre SV, Frp og kanskje Høgre av partia på Stortinget som ikkje er klare sentrumsparti. Bondevik har fått tyngdepunktet sitt, men ikkje ved at sentrumspartia har blitt større, men ved at alle partia har bevega seg mot sentrum. Då meiner eg og at landet bør ha ei sentrumsbasert regjering, utan fløypartia. Det er her det politiske tyngdepunktet bør ligge. Kanskje bør politikarane i større grad vere realitetsorientert i staden for å fokusere på gamle skillelinjer mellom klassar.
Dei neste åra vil vi sikkert sjå ei ny regjering som startar med friskt mot, for etterkvart å møte kritikk og fallande oppslutning. Sjølv håpar eg på ei samling i det reelle sentrum fram mot neste val, der Krf og Senterpartiet kan lage ein avtale med Arbeidarpartiet om regjeringssamarbeid etter neste val. Venstre? Eg er i tvil. Endå meir i tvil vart eg då eg såg dokumentavtalen som vart lagt fram i går. Der manglar Venstre si underskift i eit spørsmål. I eit spørsmål som er og skal vere eit av dei viktigaste for Krf.

mandag 30. september 2013
Politikk og framtid
Heilt sidan Stortingsvalet 10. september har det vore stor spenning rundt kva slags samansetning landet si nye regjering vil få. Vil vi få Framstegpartiet i regjering for første gong? Vil Høgre-leiaren Erna Solberg klare å samle dei ulike politiske synspunkta og kulturelle skilnadane frå sentrumspartia til det populistiske partiet på ytre høgre? Vil Venstre og Krf halde saman eller gå kvar sin veg? Aller mest spenning har det knytt seg til kva som skjer i Krf. Vil partiet verkeleg gå i regjerning saman med Frp, sjølv om dei alltid har sagt at den politiske avstanden mellom dei to har vore for stor til at det skal kunne skje?
Når resultatet av dei to veker lange forhandlingane begynner å tikke inn, har vi fått svara. Frp går i regjering for første gong. Men det blir utan sentrum. Vi får ei blåblå regjering med sentrumspartia som støtteparti, kva no det enn vil innebære i praksis. Uansett vil det bli ei mindretalsregjering, i motsetnad til det vi har hatt dei siste åtte åra. Med dette er det både for- og bakdelar. Regjeringa kan nok bli mindre styringsdyktig Samstundes vil mykje av dei viktige debattane igjen foregå på Stortinget, der dei høyrer heime, i staden for i lukka rom i regjeringa. Dert viktigaste uansett blir kva slags politikk vi vil sjå.
Det er vel ikkje noko stor løyndom at eg alltid har vore Krf-veljar. Så også sist val. Egentlig har det vel aldri vore tvil om kva eg skulle stemme. Men det spørs om framtida blir annleis. For no er eg i tvil. Både fordi partiet opna for eit Framstegsparti i regjerning. Og fordi ein vurderte å sitje saman med dei i regjering. Men kanskje aller mest no, der ein skal vere støtteparti for ei regjering der Frp er med, og ikkje ein sjølv. Hadde ein site i ei slik regjering, kunne ein i alle fall ha ein liten finger på rattet, trass sine fem prosent. Ein har rett nok fått nokre gode garantiar i spørsmål om miljøpolitikk og asylpolitikk, men no skal ein altså sitje og støtte ei regjering ein er så ueinig med at ein ikkje kan regjere saman med. Skal tru korleis det skal bli.
Kristenfolket har jo i store tal allerede forlatt partiet. Dei fleste av dei har gått til partia på høgresida. Etter at partiet hadde statsministeren og 12 prosent av stemmene, har det berre gått ein veg. Og mange har ropa om at ein må ta eit vegval. Det er det ein no har gjort. Konsekvensane blir at ein mistar seg sjølv og neste gong forsvinn under sperregrensa og blir heilt irrelevant. For korleis skal ein kunne hevde sine "mjuke"verdiar som nestekjærleik, omsorg, avhold og livsvern som støtteparti for eit høgrepopulistisk parti? Det er meir enn eg kan forstå.
For dei neste fire åra, la meg kome med eit ønskje: Finne tilbake til det gode samarbeidet ein hadde med Senterpartiet i mange år. Finn så saman med Arbeiderpartiet, slik at ein kan styre etter der tyngdpunktet bør ligge i norsk politikk. For at fløypartia med ekstreme synspunkt som Sv og Frp skal influere landets politikk slik vi har sett dei siste åra, og kjem til å sjå framover, er ei ulukke. Både for landet og for omdømmet vårt i utlandet.

lørdag 28. september 2013
Fordommer
Behind, shrouded in clouds of forgetting, lies the beginning.
(Robert Goddard)
Når et innlegg har tittelen fordommer, vil vel de hundrevis (he-he) som leser dette innlegget anta at jeg skal dundre i vei mot fordommene som skaper et kaldt og ekskluderende samfunn. Men denne gangen er det ikke det jeg har tenkt, selv om det sikkert kunne vært skrevet mye om det. Fordommer er nok et av de mest negativt ladede ordene man kan bruke. Faktum er likevel at det ikke alltid har vært sånn. Det fantes faktisk en tid, fram mot 1700-tallet, der dette begrepet var et positivt ladet begrep. Da så man på fordommer som nye nyttig og verdifullt, en forhåndskunnskap som kunne hjelpe deg til å forstå situasjonen du kom i. Ikke for at du skulle bruke forhåndskunnskapene til å felle dom, men for at du skulle kunne ha en forventning om det du skulle møte. Etterhvert fikk jo uttrykket et mye mer negativt fortegn.
Den tyske filosofen Hans-Georg Gadamer satte seg som mål å reformere og rehabilitere begrepet fordommer. For Gadamer var fordommer noe verdifullt. Bare ved å ha fordommer, forutkunnskap ut fra vår egen kultur og vårt eget ståsted, kan man begynne å forstå andre kulturer og mennesker. I følge Gadamer er fordommer en forutsetning for å forstå fortiden, positive forutsetninger for forståelse. Så spesifiserte han også hva han la i begrepet fordommer, og skilte mellom legitime og ikke-legitime fordommer. Men uansett så var poenget hans at våre fordommer er noe positivt, noe vi kan bruke konstruktivt.
Når vi snakker om fordommer og historien, er fristelsen stor til å dra fram den negative assosiasjonen til ordet igjen. For, som sitatet jeg nevnte i går sier, de aller fleste har et negativt forhold til fortiden. Enten blir man anklaget for å være nostalgisk eller drømmende, fordi man mener at en del ting var bedre før. Eller så har man gjort så mye feil eller har et negativt forhold til fortida, slik at man helst vil legge den bak seg og se framover i stedet. Vi lever i en kultur der ord som framtidsrettet og visjonær er honnørord, mens ord som historisk og gammel ofte får assosiasjoner som utdatert eller gammeldags. I det hele tatt forteller samfunnet oss at historiens løp er en retning alene, at allting blir bedre etterhvert som tida går. Men samtidig som vi får nye tekniske duppeditter mellom fingrene og kommuniserer på helt utrolige nye måter, ser det ut som vi har glemt det eldste og viktigste av alt: Planeten vi bor på, og lufta vi puster.
Jeg har jo alltid vært historieinteressert, og mener at det er viktig at vi lærer om historien. Både for å forstå hvordan samfunnet vi lever i har blitt til, og ikke minst for å lære av de feil som har blitt gjort før oss. Jeg tror at vår tids negative forhold til fortida kan få negative konsekvenser. Vi ser det i storpolitikken, der stormaktene igjen lar seg lokke til å involvere seg i krigføring i Midtøsten, til tross for at det har vært full krise hver gang de har prøvd før. Vi ser det på det mellommenneskelige nivå, der gamle verdier som høflighet, folkeskikk og respekt ikke er i høysete for alle lenger. Jeg har jobbet som lærer og jeg vet hva jeg snakker om. (Synes du jeg låter som en gammel grinebiter? Har du fordommer? ;))
Også i kristne sammenhenger ser vi det samme. Paulus snakket jo om å legge det gamle bak seg, og strekke seg framover. Og den enorme plassen tradisjoner har hatt tidligere, har jo ført til at mange har kastet babyen ut med badevannet, og hivd ut alt som kan minne om tradisjoner og historie, Resultatet har blitt en rotløshet som gjør at mange av de nye menighetene som har vokst fram de siste tredve åra, har forsvunnet like fort som de kom. Mye handler om å være relevant, oppdatert og aktuell. Så kan man kanskje si at det bør handle både om å grave i menighetens røtter, samtidig som man kan "høre hva Ånden sier til menigheten" i dag.
Jeg vil med dette slå et slag for fortiden og for fordommene. Ikke at alt var bedre før, men at alt ikke var verre heller. For der, i fortiden, ligger begynnelsen. Til verden vi lever i, til deg og meg, til alt vi er glad i. Og få ting er så vakkert som begynnelser.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
.jpg)