Jul
Ho bur i første, leilighet ein
Har pynta og allting er skinande reint
I peisen er framleis litt glør
TV og radio står på
ingen kan høyre eller sjå
Henne ete sitt daglege brød
Og vi syng glade jul og fager er den himmel blå
Ho sit åleine igjen, ho har ingen stad ho kan gå
I år gler ho seg ikkje til jul
Han bur i eit land fullt av truslar og mord
Ikkje bodskap om fred på jord
Høyrer truande steg utanfor
Han kjenner barnet som vart sendt hit ned
Med bodskap om fridom og fred
Men å seie det høgt e’kje lov
Medan vi syng glade jul og fager er den himmel blå
Blir døra låst igjen, veggane er kalde og grå
I år får han ikkje lov å ha jul
Ho bur i eit land langt mot sør
Saman med mor og 12 systrer og brør
Dei ligg alle rundt henne no
Hugsar ikkje sist det kom regn
Håpar og ber om eit teikn
Slik at allting igjen kan få gro
Og vi syng glade jul og fager er den himmel blå
Ho kjenner kreftene svinn
Augene svir og huda er grå
I år har ho gløymt bort det er jul
Ho kan hugse slik det var før julepynt og glitrande snø
Bestemors varme kakao
No er freden bytta med rop
Sinne der alle før lo
Ho kjenner alt smaken av blod
Medan vi syng glade jul og fager er den himmel blå
Opnast ei flaske til, ho veit at han snart vil slå
I år er ho livredd og veit det er jul
Når vi syng glade jul og fager er den himmel blå
hugs at ikkje alle har nokon å lite på
Tenk på det, tenk på det og god jul!
torsdag 24. desember 2009
Jul - Magne
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar