fredag 21. mars 2014

Oppussing av gjesterom

Da har eg lagt siste handa på eit soverom til, med god hjelp av Marianne. Her gjorde vi det litt annleis enn på det første rommet, vi tapetserte veggane og la laminat på golvet. Taket fekk seg to nye malingstrøk. Resultatet var igjen upåklagelig ;) Eit av bilete viser mønsteret på det gamle, gule golvbelegget. Det ligg under der framleis, så ein kan ta det fram igjen om ein vil ;)












lørdag 15. mars 2014

Kaffiservise

Då eg vaks opp, budde to gamle damer i andre etasjen. Det var besta Anna, og grandtante Pernille, som vi kalte faster. Dei hadde kvart sitt kaffiservise som eg har overteke. Så har eg også supplert litt. Det eine er frå Figgjo og heiter Helle, det andre er frå Stavanger Flint.



mandag 10. mars 2014

Kvardagsservise

Etter at eg har oppdaga verdien av flotte koppar og kar, har eg supplert kvardagsservisa frå barndommen med fleire delar. Dei gule er frå Stavangerflint og heiter Bambus. Dei blå veit eg ikkje, men dei er frå Egersund.




søndag 26. januar 2014

Meir oppussing

Etter å ha gjort første etasje meir eller mindre ferdig oppussa i fjor, har eg no begynt på den andre. Det første av soverommet var ferdig oppussa og innflytta no i januar. Bileta viser prosessen frå riving av plater og rosa tapet via maling av veggar og golv i diverse fargar (eg enda opp med same farge på alle veggane til slutt ;)) til ferdig oppussa soverom. Og resultatet vart faktisk meget bra, om eg får lov til å seie det sjølv ;)












tirsdag 19. november 2013

Eg - ein nasjonalist?

Dette halvåret er nasjonsbygging og nasjonalisme noko av det eg har på pensumlista. Sentralt står perioden frå 1814 til 1905, der vi nordmenn gjekk frå å være eit dansk distrikt til å bli eit stolt og sjølvstendig folk. I denne perioden skjedde enormt mykje, både politisk og kulturelt., Det vaks fram ei kjensle at det å vere norsk var noko ein kunne vere stolte av. Vi var folket som hadde fostra store kongar som Harald Hårfagre og kong Sverre. Vi var djerve og stolte krigarar. Og vi var ikkje lenger underlegne våre naboland. Det Noreg som kom ut av 1800-talket, var eit heilt anna enn det som gjekk inn.

I oppgåva eg nettopp har levert inn vart det spurt om kva rolle kyrkje og religion hadde i denne prosessen. Konklusjonen var då uunngåeleg slik at medan kyrkja og trua spelte ei sjølvsagt og sentral rolle i 1814 då grunnlova vart vedtatt, var kyrkja i 1905 på sidelinja og observerte kritisk det som hende. Framveksten av pietistiske vekkjingsrørsler på 1800-talet fekk stadig større brodd mot den nasjonale rørsla. Ein historikar hevdar at i 1814 var religionen limet i den norske nasjonsforståinga. I 1905 var dette limet ei heilt anna, nemleg nasjonalismen.

Og då begynte eg å tenke. Religion vart erstatta med nasjonalkjensle. Alt det nasjonale, om det var natur, målarkunst, eventyr og forteljingar eller klesdrakter, vart hylla og framelska på slutten av 1800-talet, i ei tid der religion vart sett under stadig større press i det offentlege liv. Og då begynner eg å lure: Er det det same som har skjedd med meg? Er det ikkje så tilfeldig at interessa mi for slektsforsking og gardshistorie har vore aukande? At det er ein grunn til at eg har oppdaga dei gamle store norske forfattarane som Bjørnson, Collett og Kielland? Og endå verre: At eg er hekta på gamle norske serviser og muggar frå Egersund fayance og Figgjo flint? Har det same skjedd med meg som med nordmenn flest på 1800-talet? Har min dalande religiøse aktivitet gjort meg til ein nasjonalromantiker?

Litt spøkefullt kan ein jo seie at eg ser ein parallell. Så kan ein vel også seie at religionen ikkje forsvann med nasjonalromantikken, den inntok berre andre former. Og det er kanskje det han har gjort hos meg og ;)