søndag 17. september 2017

Hatten

Sjølv om eg var nesten kvar sommar i Hattfjelldal då eg var yngre, har eg aldri vore på fjellet som har gitt bygda namnet sitt. Men i sommar tok eg turen. Flott tur, flott fjell og fantastisk utsikt. Frå toppen kan ein til dømes skue ut over Røssvatnet og eit stykke innover i Sverige. På samisk heiter fjellet Aarpije "enka", sidan det står så åleine. Ein kan sjå at fjellet er ganske raudt, og tidlegare vart det henta ut kopar frå toppen. Den raude fargen kjem likevel av serpentin i fjellet.












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar