søndag 10. juni 2012

Kvinnene på Myra: Pernille

Eg avsluttar serien om kvinnene på Myra med å fortelje om ho som var her lengst av dei alle, Pernille, som vart fødd her, levde her alle sine dagar, og som døydde her, 91 år gammal. For oss var ho berre faste'. Faster er jo eit anna nvna for tante, og sidan pappa kalte henne for faster, blei det til at vi gjorde det og. Sjølv hugsar eg henne som ualminnelig god og snill, vennleg og svært gudfryktig. Ho budde på loftet saman med besta, og visste ikkje kva godt ho kunne gjere for oss barna. Ho var spesielt opptatt av at vi skulle ete godt, så vi ikkje leid nokon naud. For det hadde ho opplevd sjølv. Når ein tenkjer på alle den sorg ho sjølv hadde opplevd, er det utruleg at ho kunne bevare ein slik livsglede.

Pernille vart fødd 8. januar 1893. Heilt frå brndommen var ho spe og ganske sjukeleg. I ei tid som denne var det ikkje vanleg at alle borna levde opp, og Pernille var vel ein kandidat til å ikkje klare det. Tidleg fekk ho oppleve sorg og sakn. Ho miste mor si allereie då ho var 2 år gammal, og vart sendt til slekta si på Furdansen i Hornindal. Kort tid etter var stemor Agnete på plass, og ho flytte heim att. I løpet av dei neste åra miste ho mange. Bestefaren Bottolf, halvbroren Sigurd, søstrene Ingeborg og Magnhild. Storesøster Oline reiste til Amerika. Men det verste slaget for Pernille var då ho miste søstera Marie. Då skal Pernille ha sagt at ho berre ville kaste seg ned i grava til søstera. Sorga var uendeleg.

Men livet gjekk vidare. Pernille voks opp og vart ei ettertrakta ung dame. Ho planla å gifte seg og flytte frå Myra. Då ramma katastrofa på ny. Broren Bottolf fekk kreft, døydde og etterlet seg kone og to små barn. Pernille vart sett på val. Her er det ho sjølv fortel:

Mor ville at eg skulle bli verande på Myra. Svigerinna mi trengde den hjelpa eg kunne gje henne, meinte ho. Eg måtte velje, og valde å bli her på Myra. Eg var glad i borna og ville gjerne hjelpe dei. Og eg vil seie at det valet har eg aldri, aldri angra på. Det var ikkje noko offer, for eg skulle hjelpe mine eigne.

Då Pernille var 90 år, vart det laga eit intervju til lokalavisa Fjordingen. Heldigvis har far min teke vare på dette, slik at vi kan høyre litt av det Pernille sjølv fortel. Livet til Pernille vart altså meir enn nokon andre knytte til garden her. Ho hjelpte til med det meste, men noko av det viktigaste var setredrifta. Heile sommaren drog ho dit opp, melka kyrne på kvelden og morgonen etter, frakta den tunge melka ned til gards, for så å bevege seg opp igjen til setra. Dert vart eit miljø av setrejenter kvar sommar på setra, då kvar gard hadde sitt sel og sin fjøs der oppe.

Pernille sleit med helsa heile livet. Det eg hugsar best, er at ho hadde eit sår på foten som aldri vill gro. På dette såret pleidde ho å legge eit blad frå eit eller anna tre, for det skulle visst vere bra. For magen drakk ho litt konjakk som ho fekk tilsendt frå Vinmonopolet i Ålesund. Men det kunne gått endå verre med Pernille. Her fortel ho frå ungdomstida si:

På etterjulsvinteren det året eg fylte 15 vart eg sjuk. Vi hadde vore til kyrkje juledag. Det var slik gnaldrefrost, og eg fraus så forferdeleg på føtene. Eg vart liksom ikkje varn att, så ut på vinteren måtte eg til sengs. Eg fikk vattersott, og låg over eit år. Det var ein alvorleg sjukdom. Doktoren var på Faleide og han vart ikkje utsendt i utrengsmål. Eg sjølv trudde at alt skulle gå bra, og var ved godt mot. Tida gjekk fort, for eg likte å lese. Det er mykje godt å hente i bøkene. Hadde eg hatt alle bøkene eg har lest, ville det vorte ein stor haug. Sjukdomen gav seg, og eg vakna til att, men tid tok det.

Slik eg hugsar det, hadde Pernille lett for å fryse, og gjekk alltid med tjukke ullsokkar. Den strikka jakka du ser på biletet, var også eit plagg Pernille ofte gjekk med. Då eg rydda på loftet nyleg, fann eg denne jakka. Den var så lita at ein skulle tru den tilhøyrde eit barn. Pernille var ikkje noko høgreist dame.

I 91 år budde altså Pernille på Myra. Ho overlevde dei fleste, og såg død og sorg meir enn det som er godt for eit menneske. Trass i dette, var Pernille alltid takksam for det livet ho hadde:

Å, eg er så takksam. Takksam til Vår Herre som har ordna alt til det beste. Takka mi skal fyrst og fremst gå til Han som styrer og råder. Eg har det så trygt og godt. Kvar kveld når eg legg meg, bed eg bøna og sovnar så trygt. Er det ikkje godt å ha det slik?

1 kommentar:

  1. Vakkert. Ei forbilledlig og hengiven dame. Slike folk vokser ikke på trær, så ei sådan "tante" er noe å være takknemlig for. Ble inspirert bare av å lese dette! Marianne

    SvarSlett