tirsdag 17. juli 2012

Min barndoms ferieparadis

I barndommen min reiste vi omtrent kvar sommar til Hattfjelldal i Nordland, til mor mi sin barndomsheim ved Røssvatnet. Då eg vart eldre, derimot, vart det sparsomt med besøka dit. Men i sommar drog alle vi søskena saman med svoger og onkelbarn, tilbake til Vesterbukt.

Huset på biletet er mor mi sin barndomsheim. Her budde bestefar og bestemor. I dette huset budde også vi då vi kom på besøk om somrane på åttitalet. Vi hadde soverom på loftet, der sengene var korte og golvet usannsynleg skeivt. I dag er huset falleferdig, og det er litt vemodig med tanke på alt vi opplevde her.

Vi fikk bu i eit av dei andre husa på garden og hadde ei deilig veke med mykje fred og ro, men også med besøk til mange av dei utallige slektningane vi har der oppe. Og sjølvsagt eit par fiskturar utan fisk. Av dei femten søskenbarna våre, fekk vi møte ni. Utrulig koselig å treffe igjen så mange av dei etter så mange år.

Mange øyeblikk skaper ei god ferieoppleving. Fisking i Laukskartjønna med mange myggstikk og få fisk. Draging av garn med fetteren min medan han fortalte om korleis han har takla å gå gjennom skilsmisse etter å ha vore gift i 25 år. Bading i det iskalde Røssvatnet. Og ikkje minst dei to små niesene mine som gaula "Viktoria" saman med Maria Mena i bilen heim. Ja, det var godt å vere tilbake igjen. Og det går nok ikkje så lenge før eg er der igjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar