fredag 20. juli 2012

Oppussing - oppdatering

Det er kanskje nokre som er interesserte i å vite korleis det går med oppussingsprosjektet mitt. Vel, det går framover, og eg har godt håp om å bli ferdig med førstetasjen i haust. Først og fremst har eg fått det nye badet nesten heilt ferdig. I tillegg har eg måla og fått nye dører i gangen, samt støypt golv. Og når eg skriv eg, betyr nok ikkje det at eg har gjort alt dette sjølv ;) Etterkvart er det meininga at det skal kome fliser io gangen også. Det gjenstår ein del listing i tillegg, men ellers begynner det å likne på noko. Bileta er av dei nye dørene i gangen og av det nye badet.













Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar